Đetinja (serbisk Ђетиња) er ei elv vest i Serbia, ei 75 km lang kjeldeelv til Zapadna Morava.

Jernbanelinja Beograd-Bar går gjennom Đetinja-dalen.

I følgje ei segn straffa osmanarane, som ein gong styrte her, dei lokale innbyggjarane ved å ta barna deira og kaste dei i elva. Elva vart då kalla Đetinja rijeka, som på den lokale dialekten tyder «barneelva».

Đetinja spring ut frå nordsida av Zlatibor i det vestlege Serbia. Frå kjelda til munningen renn ho austover, gjennom den vesle Kremna-senkinga mellom Tara og Zlatibor. Đetinja har grave ut ei 8 km lang og 300 meter djup kløft. Ved landsbyen Vrutci vart elva demd opp i 1986 og den kunstige Vrutcisjøen vart skapt. Det finst òg eit lite vasskraftverk ved Đetinja i byen Užice, som er det eldste i Serbia teikna etter prinsippa til Nikola Tesla i 1899.

Den største sideelva hennar er Skrapež, og mindre enn ein kilometer lenger nede renn ho saman med Golijska Moravica og dannar Zapadna Morava.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Đetinja» frå , den 26. februar 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6

Kategori:Elvar i Serbia