Ingjerd er eit norsk kvinnenamn avleidd frå det norrøne Ingigerðr, som er danna av orda ingwia, 'vigd til Ing', og gerðr, 'inngjerding, vern'. Nærskylde former er Ingegerd, Ingegjerd og Inger.
Ingjerd har namnedag den 26. februar.
Namnet har vore brukt i Noreg på heile 1900-talet med ein topp på andre halvdel av 1940-talet, då over 0,16% av nyfødde jenter kunne få namnet. I 2009 var det 1 374 norske kvinner som heitte Ingjerd. Namnet er svært sjeldan utanfor Noreg.
Namneberarar Ingjerd Helén (f. 1946), norsk songar, fødd som Ingjerd Dahl Ingjerd Schou (f. 1955), norsk politikar (H) Ingjerd Oda Mantor (1958-2008), norsk operasongar Ingjerd Hoëm (f. 1960), norsk professor i sosialantropologi Ingjerd Egeberg (f. 1967), norsk skodespelar Ingjerd Pytte Sagli (f. 1967), norsk styrkelyftar
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Ingjerd» frå , den 26. februar 2009.
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til norrøne gudar Kategori:Namn knytte til vern