Gunnar Reiss-Andersen () var ein norsk forfattar, hovudsakleg av lyrikk. Han var med i motstandskampen under andre verdskrigen og flykta etter kvart til Sverige. Reiss-Andersen fekk statens kunstnarløn frå 1945.
Reiss-Andersen var fødd i Larvik. Han studerte målarkunst, men gjekk etter kvart over til litteraturen.
Det best kjente diktet hans er «Til hjertene», som er brukt som ledemotiv i krimnovella Gunnar Reiss-Andersen, sa han av Gunnar Staalesen.
Verkliste Indvielsens aar, dikt (1921) Kongesønnens bryllup (1926) Himmelskrift (1928) Lykkens prøve (1931) Kampdikt fra Norge (1943) Norsk røst (1944) Dikt fra krigstiden (1945) Prinsen av Isola (1949) Usynlige seil (1956) År på en strand (1962)
Prisar og utmerkingar 1941: Gyldendals legat 1953: Doblougprisen 1962: Riddar av 1. klasse i St. Olavs orden 1962: Innstilt til Nordisk Råds litteraturpris for År på en strand. 1963: Litteraturpris frå Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur
Kjelder
Kunstnere i Akershus «Gunnar Reiss-Andersen» frå Wikipedia på bokmål/riksmål
Bakgrunnsstoff Vestfoldportalen forfatterbiografi med diktet «Til hjertene». NRK: Lydfil med Gunnar Reiss-Andersen Presentasjon av Kåre Glette ved Høgskolen i Vestfold
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske forfattarar av reiseskildringar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Folk frå Larvik