Jadar (serbisk Јадар) er ei elv vest i Serbia med ei lengd på 79 km. Ho er ei sideelv til Drina frå høgre. Jadar har gjeve namn til regionen med same namn vest i Serbia.
Ho spring ut på sørsida av fjellet Vlašić, nordaust for byen Valjevo, og munnar ut i Drina nær landsbyen Straža, like sør for byen Janja i Bosnia og Hercegovina.
Jadar ligg i nedslagsfeltet til Svartehavet og har sjølv eit nedbørområde på 894 km². Elva er berykta for flaumane som oppstår kvart år, og elva har derfor vorte regulert sidan 1988. Ho er likevel sterkt utsett for flaum, berre i 2005 skjedde det 12 gongar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jadar River (Serbia)» frå , den 28. februar 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Kategori:Elvar i Serbia