Taupo District, der størsteparten ligg i regionen Waikato på Nordøya på New Zealand, dekkjer eit landpområde på 6 350 km², og i tillegg 610 km² innsjøar, både Tauposjøen, den største innsjøen på New Zealand, og den mindre Rotoairasjøen. Distriktet strekkjer seg frå den vesle byen Mangakino i nordvest til nasjonalparken Tongariro National Park i sør, og austover inn i skogområdet Kaingaroa Forest. Størsteparten av innbyggjarane i distriktet bur i dei to største byane, Taupo og Turangi. Administrasjonssenteret til distriktet ligg i byen Taupo.

Lokalstyre Distriktet er administrert av Taupo District Council, og den største delen av distriktet, 73,74%, ligg i regionen Waikato, byen Rangitaiki (14,31%) ligg i regionen Bay of Plenty, byen Taharua (11,26%) i Hawke's Bay og byen Te More (0,69%) i Manawatu-Wanganui .

Historie Ein kjenner lite til dei tidlege māoribusetnadane nær Taupo, men Ngāti Tūwharetoa har vore den viktigaste iwi i området i fleire hundre år. Viktige pā låg ved sørenden til innsjøen vest for den moderne byen Turangi.

Byen Taupo vart grunnlagd i 1869 som ein garnisonsby under New Zealand-krigane, men vart seinare verande heller liten på grunn av det skrinne vulkanske jordsmonnet i området. Det var først i 1950-åra at området byrja å utvikla seg med skogdrift og og bygginga av Wairakei geotermiske kraftstasjon.

Busetnad Byen Taupo ligg ved den nordvestlege breidda til innsjøen, og Turangi ligg ved sørenden.

Riksvegen State Highway 1 snor seg langs austsida av Lake Taupo, og fleire mindre busetnadar ligg langs han. Færre menneske bur langs nord- og vestsidene til sjøen, men der er nokre mindre busetnadar nær Taupo, og vest for Turangi.

Ved folketeljinga i 2006 var folketala: Taupo: 22 300 Turangi: 3 240 Mangakino: 1 020 Andre (rurale): 5 858 Total populasjon: 32 418 (Av innbyggjarane i distriktet rekna 26,7 % seg som maoriarStatistikk frå Taupo District Council .)

mini|høgre|Austre Tauposjøen, sett frå Turangi mot Taupo.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Taupo District» frå , den 1. mars 2009.

Bakgrunnsstoff Heimeside for Lake Taupo Distriktsstyret si heimeside Heimeside for Turangi

Kategori:Distrikt på New Zealand Kategori:Waikato