Vistdal kyrkje er ei langkyrkje i Vistdal i Molde kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1869 og bygd i treverk. Ho har 270 sitjeplassar. Arkitekt for bygget var Jacob Wilhelm Nordan. Inventaret er frå byggeåret eller seinare. Glasmåleria i kyrkja er laga av Victor Sparre og vart sette inn i 1959 og 1962. Orgelet er frå 1985.

Det er gravplass ved kyrkja. Kyrkja hadde ein større reparasjon etter nyttårsorkanen i 1992.

Kjelder Om Vistdal kyrkje på nettstaden kulturnett.no

Bakgrunnsstoff Om Vistdal kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Møre og Romsdal» Om Vistdal kyrkje på nettstaden vistdal.com

Kategori:Kyrkjer i Molde Domprosti Kategori:Kyrkjer i Molde Kategori:Langkyrkjer i Møre bispedømme Kategori:Jacob Wilhelm Nordan Kategori:Norske kyrkjer frå 1869 Kategori:Kulturminne i Molde