Haugland, uttala haulann, er ein gard på Radøy. Garden ligg like nord for tettstaden Bøvågen. garden er sterkt oppdelt, med mange tun og bruk, men ingen av dei er i sjølvstendig drift i dag.
Namnet Haugland kan kome av høgdedraget som går over gardslandet, eller det kan komme av dei mange haugane på landet.
Garden vart rydda i den eldre jernalderen, truleg i folkevandringstida. Han vart delt i to bruk alt i mellomalderen, begge ått av Munkeliv kloster i Bergen. På 1700-talet var garden delt i sju bruk, på 1800-talet i nitten bruk. På denne tida kjøpte bøndene gardane attende frå staten, som hadde overteke eigedomsretten frå kyrkja etter reformasjonen.
Kjelder
Haugland i Oluf Rygh: Norske Gaardnavne
Kategori:Gardar i Alver