Olofströms kommune er ein kommune i Blekinge län i Sverige. Kommunen grensar til to andre kommunar i Blekinge län, Sölvesborgs kommun og Karlshamns kommun, høvesvis i sør og aust. Han grensar også til tre kommunar i Skåne län, Osby kommun og Kristianstads kommun i vest og Bromölla kommun i sør. I nord grensar han til Tingsryds kommun og Älmhults kommun i Kronobergs län. Administrasjonssenteret i kommunen er Olofström.
Olofström har mykje skog, mange vatn og mange myrar. Næringslivet i kommunen er dominert av industriverksemder.
Administrativ historikk 16. oktober 1863 braut kommunen Kyrkhult ut av Jämshög. I 1941 braut Olofströms köping ut av Jämshögs kommun. I 1966 vart alle sameinte att under namnet Olofström (framleis köping fram til kommunereforma i 1971 då einskapleg kommunetype vart innført og Olofströms kommun vart grunnlagd.)
Kommunevåpenet Blasonering: På gullfarga bakgrunn, ein ståande svart hammar, omgjeven av elleve svarte sirklar i runding.«I fält av guld en stolpvis ställd svart smideshammare, omgiven av elva i cirkel ordnade svarta rundlar.».
Våpenet vart laga for Olofströms köping i 1950. Hammaren kjem frå seglet til Villands härad og sirklane frå eit jernverksstempel. Begge dei andre kommunane som hadde vorte innlemma i kommunen hadde også våpen. Men det var våpenet til den tidlegare köpingen som i 1974 vart registrert for Olofströms kommun i Patent- och registreringsverket.
Tettstader Det er fem tettstader i Olofströms kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. Tettstad Folketal 1 Olofström 7 425 2 Jämshög 1 605 3 Kyrkhult 1 016 4 Vilshult 327 5 Gränum 208
Kjelder Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Olofströms kommun» på Wikipedia på svensk. «Olofström» på Store Norske Leksikon.
Fotnote
Kategori:Kommunar i Blekinge län