mini|Betty Friedan var ei amerikansk kvinnesakskvinne. mini|Betty Boop er ein amerikansk teiknefilmfigur. Betty er eit kvinnenamn opphavleg danna som ei engelsk kortform av Elizabeth, med tydinga 'Gud er fullkomen'.

Betty har norsk namnedag 8. mars. Bette, Betsy og Bess er nærskylde namn.

Bruk Betty var opphavleg eit utbreidd kjælenamn i England for kvinner kalla Elizabeth. Det blei etterkvart gjeve som døypenamn, særleg i USA. Der var namnet særleg populært frå like før 1920 til nokre år etter 1945, då det blei gjeve til over 1,0 % av nyfødde.

I Noreg er det 498 kvinner som heiter Betty (2009).

Namneberarar Betty Friedan (1921–2006), amerikansk kvinnesakskvinne Betty Blue (1931–2000), amerikansk modell og skodespelar Betty Williams (f. 1943), nordirsk fredsprisvinnar Betty Davis (f. 1945), amerikansk songar Betty Ann Bjerkreim Nilsen (f. 1986), norsk langrenns- og orienteringsløpar

Oppdikta Betty Boop, teikneseriefigur laga av Paramount Pictures Ugly Betty, amerikansk TV-serie basert på den kolombianske Betty la fea

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Betty» frå , den 7. mars 2009.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av hebraisk opphav Kategori:Førenamn av engelsk opphav Kategori:USA-amerikanske førenamn Kategori:Namn knytte til kristendommen