2. oktober er den 275. dagen i den gregorianske kalenderen (276. under skotår). Det er 90 dagar att av året.
Merkedag
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
Religiøs helgedag
Namnedag
Helgendag i den katolske kyrkja Verneenglane (skytsenglane)
Hendingar
Utlandet 1187: Saladin tok Jerusalem etter at kristne krossfararar hadde halde byen i 88 år. 1935: Italia invaderte Abyssinia (Etiopia). 1943: Tyske okkupantstyrker innleia arrestasjon av alle danske jødar. Berre 500 av 7000 blei tekne, resten blei hjelpne til å flykta til Sverige. 1958: Guinea erklærte sjølvstende frå Frankrike. 1968: Tlatelolco-massakren. Ti dagar før Sommar-OL 1968 i Mexico by opna regjeringsstyrkar eld mot demonstrantar i bydelen Tlatelolco og drap fleire titals demonstrerande og tilskodarar. 1998: Pandeli Majko blei statsleiar i Albania.
Noreg 1932: MB «Anker», ein 50 fots dekksbåt frå Ellingsøya i dåverande Borgund kommune, forliste ut for sunnmørskysten. Heile mannskapet på sju bleiv.
Fødde
1452: Rikard III av England 1869: Mahatma Gandhi, indisk advokat og sjølvstendekjempar 1898: Trond Hegna, norsk politikar og redaktør 1904: Graham Greene, britisk forfattar 1966: Thor Gjermund Eriksen, norsk redaktør og mediasjef 1967: Frankie Fredericks, namibisk friidrettsutøvar 1969: Trine Skei Grande, norsk politikar 1977: Didier Défago, sveitsisk skirennar
Døde mini|Tom Petty
1264: Pave Urban IV 1804: Joseph Cugnot, fransk ingeniør 1878: Jacob von der Lippe, norsk biskop og politikar 1906: Ravi Varma, indisk målar 1912: Ebbe Hertzberg, norsk historikar 1940: Johan Anker, norsk båtkonstruktør 1968: Marcel Duchamp, fransk kunstnar 1985: Rock Hudson, amerikansk filmskodespelar 2016: Georg Apenes, norsk politikar og byråkrat 2017: Tom Petty, USA-amerikansk musikar og songar