Lars Erik Eriksen () er ein tidlegare norsk langrennar. Han var mellom dei beste i norsk langrenn i perioden 1977 til 1984. Han representerte først Bjerke IL, seinare Nannestad Skiklubb.
Karriere Eriksen var med på det norske stafettlaget (4x10 km) som vart verdsmeistrar på heimebane i 1982, gullet vart delt med Sovjetunionen sitt lag. I same meisterskapen vann han sølvmedaljen på 30 km og bronsemedaljen på 50 km. Eriksen var og med på stafettlaget som kom på bronseplassen under VM i 1978 og stafettlaget som erobra sølvmedaljen under OL i Lake Placid to år seinare. Han vann i 1984 i Lahti sin einaste verdscupsiger. Der sigra han i sekundstrid mot Thomas Wassberg på 15 kilometeren. Eriksen vart norgesmeister fire gonger (1980, 1983 og 1984).
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1976: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen. 1977: Nr 7 på 50 km i Lahti. 1978: Nr 5 på 50 km og nr 8 på 30 km i VM i Lahti. Nr 4 på 30 km i Falun og på 50 km i Holmenkollen. 1979: Vinnar av 50 km i Lahti, nr 3 på 50 km i Holmenkollen. 1980: Nr 4 på 50 km i OL i Lake Placid. Nr 2 på 15 km i Lahti. 1981: Nr 5 på 15 km i Holmenkollen. 1982: Sølvmedalje på 30 km og bronsemedalje på 50 km under VM i Holmenkollen. 1983: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen. 1984: Vinnar av 15 km i Lahti (hans einaste verdscupsiger). Nr 6 på 30 km i OL i Sarajevo. Vinnar av 15 km i Holmenkollen. 1985: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen.
Medaljar i VM- og OL-stafettar 1978: Bronse (VM). 1980: Sølv (OL). 1982: Gull (VM).
Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap Ski-NM 1976: Nr 4 på 50 km på Oppdal Ski-NM 1978: Sølvmedalje på 30 km på Konnerud Ski-NM 1979: Sølvmedalje på 50 km i Rindal og bronsemedalje på 15 km i Steinkjer Ski-NM 1980: Gullmedalje på femmila i Vingrom, bronse på 30 km i Asker Ski-NM 1981: Bronsemdalje på 50 km på Eidsvoll Ski-NM 1982: Sølvmedalje på 50 km i Trondheim Ski-NM 1983: Gullmedalje både på 15 km og på 30 km på Lillehammer Ski-NM 1984: Gullmedalje på 50 km i Hof Ski-NM 1988: Nr 10 på 15 km på Vang
Eriksens beste samanlagtplasseringar i verdscupen var to andreplassar (1978 og 1979) og tredjeplassen i 1980. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1984 og Lahtimedaljen same sesongen.
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1980 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Folk frå Oppegård