Ken Remi Stefan Strandberg () er ein norsk fotballspelar frå Lyngdal som per oktober 2020 hadde spelt 13 landskampar for Noreg. Han var kaptein på det norsk ungdomslandslaget som i 2013 fekk bronse i europameisterskapen for U21-lag. Strandberg er midtstoppar.

Karriere Klubbspel Strandberg var 2006-08 aktiv i Mandalskameratene på nivå 3 og 2. Sommaren 2009 spelte han nokre veker for Bryne FK, før han fekk sin debut på Vålerenga sitt eliteserielag. Våren 2012 vart han overført til Rosenborg BK der han gjorde teneste til juni 2015. Sidan har han spelt for russiske FK Krasnodar, tyske Hannover 96, og dei russiske klubbane Ural Jekaterinburg og Trapani.

Landslagsspel Strandberg fekk sin landslagsdebut 19. november 2013 som innbytar i ein vennskapskamp mot Skottland i Molde. Han deltok i 10 landskampar fram til 2016. Etter fire år utan landslagsspel fekk han 3 kampar i oktober 2020.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stefan Strandberg» frå , den 28. oktober 2020. eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Rosenborg-spelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Bryne-spelarar Kategori:Folk frå Kvinesdal