Pećka Bistrica (serbisk skrift Пећка Бистрица, albansk Bistrica e Pejës) er ei elv i Kosovo. Ho er ei 62 km lang sideelv til Kvite Drin frå høgre, og renn berre innanfor regionen Methojia sørvest i Kosovo.
Namnet på elva, Bistrica, tyder «klårt vatn» på serbisk. Adjektivet Pećka, «av Peć», er lagt til for å skilje ho frå andre elva som heiter Bistrica i Metohija: Dečanska Bistrica («av Dečani»), Prizrenska Bistrica («of Prizren»), Kožnjarska Bistrica («av Kožnjar»), Loćanska Bistrica («of Loćan»).
Pećka Bistrica spring ut på austsida av Mokra nær grensa til Serbia og Montenegro i ei høgd på 1900 meter over havet. Det korte, men kraftige Pećka Bistrica har grave ut den imponerande Rugovakløfta mellom fjella Žljeb i nord og Koprivnik, ein del av Prokletijefjella, i sør. Kløfta er 23 km lang og opp mot 1000 meter djup.
Når elva renn ut av kløfta når ho byen Peć og ut i Metohija-låglandet, der ho renn resten av vegen. Ho renn ei stund parallelt til Kvite Drin i nord og Dečanska Bistrica i sør, før ho munnar ut i Kvite Drin sør for byen Klina.
Elva høyrer til nedslagsfeltet til Adriahavet, og har sjølv eit nedslagsfelt på 505 km².
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pećka Bistrica» frå , den 14. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6
Pecka Bistrica