Creedence Clearwater Revival (stundom forkorta til Creedence eller CCR) var ei USA-amerikansk rockegruppe som vart grunnlagd i 1967.

Gruppa bestod av frontmannen John Fogerty på sologitar og vokalist, broren hans Tom Fogerty på gitar og korsong, Stu Cook på bassgitar og Doug Clifford på trommer. Musikkstilen var hovudsakleg innan roots-rock og swamp-rock og trass i at dei opphavleg kom frå San Francisco-området, baserte dei seg på ein southern rock-stil og song om bayouar, Mississippi-elva, catfish (maller) og andre populære element frå Sørstatane.

Gjennom dei fem åra gruppa var i aktivitet, gav ho ut mange store hitar. Fleire av songane vert rekna for klassikarar. John Fogerty var gruppas musikalske kraft, og komponerte og skreiv mest alle melodiane og tekstane. Creedence Clearwater Revival er framleis ofte å høyre på radio. Bandet har selt kring 26 millionar plater berre i USA. Creedence Clearwater Revival vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1993. Dei vart rangert på 82. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 største artistane gjennom tidene.

Historie Før Creedence: 1959–1967 John Fogerty, Doug Clifford og Stu Cook (alle fødde i 1945) møtte kvarandre på Portola Junior High School i El Cerrito i California og byrja å spele instrumentalar og «juke box-standardar» i lag under namnet The Blue Velvets. Trioen hadde òg med seg korvokalist Tom Fogerty— den tre år eldre broren til John Fogerty på konsertane dei heldt og i platestudio. I 1964 hadde bandet fått kontrakt med Fantasy Records, eit sjølvstendig jazz-selskap i San Francisco på den tida. Fantasy hadde gjeve ut Cast Your Fate to the Wind, ein nasjonal hitt for jazzpianisten Vince Guaraldi. Suksessen til selskapet var tema i ein TV-spesial på National Educational Television, noko som fekk låtskrivaren John Fogerty til å kontakte selskapet. For dei første innspelingane til bandet gav medeigaren i Fantasy, Max Weiss, gruppa namnet the Golliwogs (etter barnebokfiguren Golliwogg), visstnok for å utnytte populære britiske band som hadde liknande namn.

I denne perioden endra rollene i bandet seg. Stu Cook gjekk frå piano til bassgitar og Tom Fogerty vart rytmegitarist i bandet. John Fogerty byrja òg å skrive dei fleste songane til bandet og han tok over på solovokal. Som Tom Fogerty seinare sa, «Eg kunne synge, men John hadde ein eigen stil!»

Den første suksessen: 1967–68 Gruppa fekk eit tilbakeslag i 1966 då John Fogerty og Doug Clifford vart trekt ut til militærteneste. Fogerty kom seg inn i Army Reserve i staden for den vanlege hæren, medan Clifford tente i United States Coast Guard Reserve.

I 1967 kjøpte Saul Zaentz Fantasy Records frå Weiss og gav bandet høvet til å spele inn det første albumet sitt, men berre om bandet skifta namn. Bandet hadde eigentleg aldri likt namnet The Golliwogs og gjekk med på dette. Zaentz og bandet gjekk med på å kome med ti forslag kvar, men gjekk entusiastisk med på det første forslaget deira: Creedence Clearwater Revival. Bandet tok dei tre namna frå venen til Tom Fogerty, Credence Newball, (og la til ein ekstra «e», slik at det likna det engelske ordet for «tru», creed), det andre frå «clear water» frå ein TV-reklame for eit øl frå Olympia og det siste, «revival», synte til at dei fire medlemmane hadde fornya bandet. Andre forslag som ikkje vart brukt var mellom anna 'Muddy Rabbit', 'Gossamer Wump', og 'Creedence Nuball and the Ruby', men sistnemnde var medverkande til det endelege namnet.

I 1968 var Fogerty og Clifford ferdige med militærtenesta. Alle fire medlemmane slutta i jobbane dei hadde og byrja ei hektisk tid med øving og konsertar i lokale klubbar. AM radio-program rundt om i USA hadde merka seg ein song frå plata, «Suzie Q», og vart mykje spelt i San Francisco-området, og på WLS i Chicago. Det var ei nyinnspeling av ein song frå 1956 av rockabilly-artisten Dale Hawkins og var den andre singelen til bandet, og den første som nådde Topp 40 på singellista. Han nådde til slutt 11. plass nasjonalt og vart den einaste Topp 40-hitten til Creedence som ikkje var skriven av John Fogerty. To andre singlar frå debutalbumet, ein versjon av Screamin' Jay Hawkins-songen «I Put a Spell On You» (som nådde 58. plass) og «Porterville» (gjeve ut på Scorpio og tilskriven «T. Spicebush Swallowtail»), skriven av John Fogerty medan han var i militæret.

Stordomstida: 1969–70 Samstundes som bandet spelte mange konsertar rundt om i landet for å utnytte gjennombrotet sitt, arbeidde Creedence Clearwater Revival hardt med andrealbumet Bayou Country ved RCA Studios i Los Angeles. Det kom ut i januar 1969, nådde sjuandeplassen på albumlista og selde til platinaplate. Albumet var den første i ei rekkje hitalbum og singlar dei neste tre åra. Singelen «Proud Mary» med «Born on the Bayou» som B-side, nådde andreplassen på den nasjonale Billboard-lista. Førstnemnde vart etter kvart den mest innspelte songen til bandet, med over 100 versjonar av andre artistar, inkludert ein hit-versjon frå 1971 av Ike & Tina Turner. John Fogerty har sagt at songen kom som følgje av gleda han kjende då han var ferdig med militærtenesta. Albumet inneheld òg ei innspeling av rock & roll-klassikaren «Good Golly Miss Molly» og den ni minuttar lange songen «Keep On Chooglin'», som bandet brukte å avslutte konsertane sine med.

Berre få veker seinare, i mars 1969, gav bandet ut «Bad Moon Rising» med «Lodi» som B-side og singelen nådde andreplassen på singellista. Det tredje albumet til bandet, Green River, kom ut i august og selde til gull, medan singelen «Green River» igjen nådde andreplassen på Billboard-lista. B-sida til «Green River», «Commotion», nådde 30. plass og bandet fortsette å spele inn gamle favorittar med «Night Time Is the Right Time».

I 1969 intervjua Harry Shearer Cook og John Fogerty for radiodokumentaren Pop Chronicles.

Creedence forsette å halde mange konsertar og spelte mellom anna på Atlanta Pop Festival og Woodstock. Settet deira er ikkje med i Woodstock-filmen eller det originale konsertalbumet fordi John Fogerty meinte at bandet ikkje spelte godt nok. Fleire songar vart derimot gjeve ut i 1994. Stu Cook sa: «Konserten var klassisk CCR og eg er framleis overraska over kor mange som ikkje veit at me stod øvst på plakaten på Woodstock '69.» Bandet klaga på at dei måtte gå på scenen kl. 03 på natta fordi Grateful Dead hadde spelt så langt over tida si då Creedence byrja å spele, at mange i publikum hadde gått og lagt seg.

Etter Woodstock gjekk Creedence i studio for fjerdealbumet, Willy and the Poor Boys, som kom ut i november 1969. «Down on the Corner» og «Fortunate Son» nådde høvesvis tredje og 14. plass på singellista. Albumet var standard Creedence med originale Fogerty-songar og to omarbeidde Lead Belly-songar, «Cotton Fields» og «Midnight Special». Begge desse songane hadde òg vorte framført av skodespelaren Harry Dean Stanton i filmen Cool Hand Luke, noko som indikerer at han kan ha hatt ein innverknad på albumet.

I 1969 var eit merkverdig år for bandet. Dei hadde tre album på Topp 10, fire hitsinglar (tre på andreplass og ein på tredjeplass) og tre B-sider som nådde Billboard-lista. 16. november 1969 framførte dei «Fortunate Son» og «Down on the Corner» på The Ed Sullivan Show.

Like over nyår i 1970 gav Creedence Clearwater Revival ut den doble A-sida «Travelin' Band»/«Who'll Stop the Rain». John Fogerty har sagt at sistnemnde var inspirert av Woodstock. Den raske «Travelin' Band» hadde nok likskapar til «Good Golly, Miss Molly» til at bandet vart saksøkt av forleggaren for songen. Dei kom til forlik i retten. Samstundes gjekk singelen til andreplassen på singellista. Bandet tok òg opp konserten dei spelte 31. januar 1970 i Oakland Coliseum Arena i Oakland i California, som seinare vart gjeve ut som eit konsertalbum og ein fjernsynsspesial. I februar vart dei fire i Creedence avbilda på framsida av Rolling Stone, sjølv om berre John Fogerty vart intervjua i den tilhøyrande artikkelen.

I april 1970 la Creedence ut på den første turneen sin i Europa. For dette høvet skreiv Fogerty to nye songar, «Up Around the Bend» og «Run Through the Jungle». Singelen - som vart skriven, innspelt og trykt i løpet av få dagar - gjekk til fjerdeplassen den våren. Dei kom attende til Wally Heider sitt studio i San Francisco i juni og spelte inn albumet Cosmo's Factory. Tittelen var ein intern spøk om stadane dei heldt øvingane sine gjennom tidene og at dei arbeidde som fabrikkarbeidarar. Trommeslagaren Doug Clifford hadde kallenamnet «Cosmo» fordi han var interessert i naturen og alt som hadde med kosmos og gjere. Albumet inneheldt dei to tidlegare singlane «Travelin' Band» og «Up Around the Bend», og det populære opningssporet «Ramble Tamble».

Cosmo's kom ut i juli 1970 og inneheldt den femte og siste singelen deira som nådde andreplassen i USA, «Lookin' Out My Back Door»/«Long As I Can See the Light». Sjølv om dei toppa både lokale og internasjonale singellister, klarte Creedence Clearwater Revival aldri å nå toppen av Billboard Hot 100, sjølv om både «Proud Mary» og «Bad Moon Rising» gjekk til topps på Record World-lista, ei liste som var i minst like prestisjefull som Billboard-lista på denne tida. Berre Elvis Presley og Madonna hadde fleire andreplassar på lista (seks) medan The Carpenters hadde like mange. Bandet har derimot flest andreplassar utan nokon gong å nå toppen av lista.

Andre songar frå Cosmo's Factory var den elleve minuttar lange R&B-hitten «I Heard It Through The Grapevine» (som vart korta ned og gjeve ut som singel i 1970-åra, nokre år etter gruppa var oppløyst) og ein nesten identisk innspeling av Roy Orbison sin «Ooby Dooby». John Fogerty nytta seg no av slide-gitar, keyboard, saksofonar, lydbandeffektar og lagvise vokalharmoniar - og han pressa stemma si lenger enn han hadde gjort nokon gong på «Long As I Can See the Light». Albumet vart det mestseljande albumet til Creedence og gjekk rett til topps på Billboard 200 og nådde 11. plass på Billboard's Soul Albums-lista.

Nedgangstid og oppløysing: seint 1970-1972 Innspelinga av Cosmo's Factory hadde ført til gnissingar mellom dei fire i bandet og dei mange konsertane byrja å setje spor. John Fogerty hadde teke fullstendig kontroll over gruppa og situasjonen byrja å tære på Tom Fogerty, Cook og Clifford. Fogerty motstod og meinte at ein «demokratisk» prosess ville ha truga suksessen deira. Dei andre mislikte òg at Fogerty hadde bestemt etter in konsert i Nebraska i 1970 at dei ikkje lenger skulle spele ekstranummer.

Pendulum kom ut i desember 1970, og selde nok ein gong særs godt. Han inneheldt Topp 10-hitten «Have You Ever Seen the Rain?». John Fogerty hadde med Hammond B3-orgel på mange av songane på Pendulum, mellom anna «Have You Ever Seen the Rain?», og forklarte at han var inspirert av og hadde djup respekt for Booker T and The MG's, som han hadde jamma i lag med. B-sida til singelen, «Hey Tonight», var òg ein hit.

Men sjølv ei ny musikalsk retning og vidare suksess løyste ikkje skilnadane mellom John og Tom Fogerty. Under innspelinga av Pendulum hadde Tom Fogerty alt slutta i bandet fleire gonger, men vart alltid overtalt til å kome attende, før han til slutt forlét gruppa for alltid. Dette vart gjort kjent offentleg i februar 1971. Bandet vurderte å erstatte Tom, men men kom aldri så langt. Tom Fogerty sa sidan på australsk TV at ingen nye musikarar kunne halde ut i Creedence.