mini|Egon Schiele sitt ekspresjonistiske portrett av Trude Engel. mini|Forfattaren Trude Marstein. Trude er eit kvinnenamn danna som kortform av namn som endar på -trude, som Gertrude. Namnedelen kjem frå germanske *þruþi, 'styrke', þrúðr på norrønt og þryð på gammalengelsk. Nærskylde namn er engelsk Trudi, Trudie og Trudy, islandsk Þrúður, nederlandsk Truus og tysk Traudel og Trudel.

Trude har namnedag den 17. mars.

I norrøn mytologi heitte dottera til Tor og Siv Þrúðr, på moderne norsk Trud. Ei valkyrje med dette namnet er òg nemnd i Grimnesmål.

Bruk Namnet er kjend i Noreg sidan 1920-talet. Det voks i bruk frå 1950-talet til det nådde ein topp på 1970-talet, då opptil 0,7 % av nyfødde jenter kunne få namnet Trude. Deretter gjekk bruken ned. I 2009 heitte rundt 5000 norske kvinner Trude.

Namneberarar Trude Fleischmann (1895–1990), austerriksk-amerikansk fotograf Trude Guermonprez (1910–1976), austerriksk vevkunstner Trude Herr (1927–1991), tysk skodespelar og songar Trude Teige (f. 1960), norsk forfattar og TV-reportar Trude Brænne Larssen (f. 1967), norsk forfattar Trude Mostue (f. 1968), norsk dyrlege Trude Marstein (f. 1973), norsk forfattar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trude» frå , og «Þrúðr» frå den 16. mars 2009.

Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Førenamn av gammalhøgtysk opphav Kategori:Namn knytte til eigenskapar Kategori:Kortnamn