Olaus Johannes Amundsen Fjørtoft () var ein norsk journalist og opposisjonshugen politisk agitator. Fjørtoft vert rekna som ein av dei fyrste sosialistane i Noreg.

Livssoge Fjørtoft var fødd på Flemsøya i Haram. Han var latinelev ved Molde Lærd- og Realskole 1861–66 (i same klasse som Kristofer Kristofersen), og studerte på Heltbergs studentfabrikk i Christiania i 1869. Seinare studerte han matematikk og astronomi. I studietida kom han i kontakt med Aasmund Olavsson Vinje, Johan Ernst Sars, Hagbard Emanuel Berner, Carl Berner og Bjørnstjerne Bjørnson.

Fjørtoft gav i åra 1871–73 ut bladet Fram – eit vikoblad for målmenne og bondevenne.

Målsyn Fjørtoft ynskte å gjera skriftspråket mest mogleg talemålsnært skriftspråk. Språksynet gjorde han til den mest markante talsmannen for ortofoni i nynorskrettskrivinga. Fjørtoft var lite oppteken av å markere historiske former i skriftmålet, og han meinte dessutan at bymåla måtte trekkjast inn i nynorsken.

Figur i litteraturen Arne Garborg har skildra Fjørtoft i romanen Bondestudentar, som «student Fram». Han opptrer òg som Student Fredriksen i Gunnar Heiberg sitt skodespel Tante Ulrikke (1883) og som figuren Olav Toft i romanen Paa Forpost av Kristofer Kristofersen.

Bakgrunnsstoff

Fjørtoft Fjørtoft, Olaus Johannes i Pax leksikon.

Kategori:Norske journalistar Kategori:Norske politikarar Kategori:Sosialistiske politikarar Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Haram Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund