Tamnava (serbisk Тамнава) er ei elv vest i Serbia. Ho er 90 km lang og ei sideelv til Kolubara frå venstre.

Tamnava spring ut frå fleire småelvar ved åsen Konjsko brdo (Коњско брдо; 'Hesteåsen') på nordsida av fjellet Vlašić, nordvest for byen Valjevo. Ved landsbyen Kamenica gjer elva nesten ein total sirkel og kjem berre ein kilometer frå den fjernaste kjeldeelva si. Tamnava munnar ut i Kolubara sør for Beograd.

Tamnava drenerer eit område på 930 km² og har eit nedslagsfelt som høyrer til Svartehavet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tamnava» frå , den 17. mars 2009. oppgav desse kjeldene: Mala Prosvetina Enciklopedija, Third edition (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2 Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6

Kategori:Elvar i Serbia