Piljskifossen eller berre Pilj (serbisk Пиљски водопад) er den nest høgaste fossen i Serbia og vart oppdaga av geologar og alpinistar først i 2002.

Plassering

Fossen ligg søraust i regionen Visok, nær grensa til Bulgaria, på sørsida av Balkanfjella. Han ligg fire kilometer frå landsbyen Topli Do i retning landsbyen Dojkince.

Geografi

Piljskifossen ligg i ei kløft i elva Piljski, som er ei sideelv til Temštica (Toplodolska reka). Fossen ligg nedanfor fjelltoppane Čungulj og Kurtulj og ryggen Jelenski Skok, i ei høgd på 1450 meter over havet. Høgda på fossen er anten 65,5 meter eller 64 meter. , som uansett gjer han til den nest høgaste i landet etter Jelovarnikfossen i fjellet Kopaonik. Fossen er ein kaskadefoss med Gornji (den øvre og minste) og Donji (den nedre og høgaste). Ved botn av fossen ligg eit lite tjern.

Fossen ligg i eit tynt folkesett område og vanskeleg tilgjengeleg område. Som følgje av dette vart fossen først oppdaga i mai 2002. Nokre andre høge fossar nær Piljski er Čungulj (43 meter, oppdaga i 1996) og Kurtulj (27 meter).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Piljski waterfall» frå , den 18. mars 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fossar i Serbia