Yes er eit engelsk rockeband som har oppnådd suksess over heile verda med ei blanding av progressiv rock, kunstrock og symfonisk rock. Dei vert rekna som ein av pionerane innan progressiv rock og er kjend for dei lange songane, mystiske tekstane, utførlege plateomslaga og sceneshowa sine. Sytten musikarar har vore medlem av bandet gjennom historia deira og består i dag av songar Jon Davison, bassist Chris Squire, gitarist Steve Howe, trommeslagar Alan White og klaverspelar Geoff Downes. Yes har seld 13,5 millionar plater i USA.

Yes vart danna i 1968 av Squire og songar Jon Anderson, og med i den første besetninga var òg gitarist Peter Banks, klaverspelar Tony Kaye og trommeslagar Bill Bruford, som gav ut to album i lag til lunken mottaking og sal. Yes slo igjennom med The Yes Album (1971) og Fragile (1971), med Howe og Rick Wakeman som nye medlemmar. Dei fekk ytterlegare suksess med Close to the Edge (1972) og Tales from Topographic Oceans (1973), sistnemnde med White på trommer. Wakeman vart erstatta av Patrick Moraz, som spelte på Relayer (1974). Wakeman kom attande på Going for the One (1977) og Tormato (1978). Anderson og Wakeman forlet gruppa på grunn av musikalske usemjer med resten av bandet i 1980. Erstatningane deira, Trevor Horn og Downes, spelte på Drama (1980) og den påfølgjande turneen.

Yes vart attforeing i 1982 med Squire og White saman med Anderson og Kaye, i tillegg til gitarist Trevor Rabin. Dei starta å spele poprock og gav ut den store hitten «Owner of a Lonely Heart» og albumet 90125 (1983), det bestseljande albumet deira, etterfølgd av Big Generator (1987). Anderson forlet bandet og starta sideprosjektet Anderson Bruford Wakeman Howe med dei nemnde medlemmane i 1989. Etter ein rettstrid mellom medlemmane i begge Yes-gruppene, gjekk dei alle saman til eit åttemannsband og spelte inn Union (1991) og ein påfølgjande turné. Rabin og Kaye var med på Talk (1994) før dei forlet bandet, medan Wakeman og Howe kom attende på Keys to Ascension (1996) og Keys to Ascension 2 (1997). Wakeman vart erstatta av Igor Khoroshev, som er med på Open Your Eyes (1997) og The Ladder (1999) i lag med gitarist Billy Sherwood. Utgjevinga av Magnification (2001) var det første albumet deira sidan 1970 med orkester.

I 2002 kom Wakeman attende til bandet i for 35-årsjubileumsturneen deira. Bandet gav seg med turnelivet i 2004, delvis på grunn av helsa til Anderson og Wakeman. Etter ein pause vart Yes starta opp att i 2008 med klaverspelar Oliver Wakeman og songar Benoît David. Etter utgjevinga av Fly from Here (2011) tok bandet inn Jon Davison, songar i Glass Hammer, eit progrockband frå Chattanooga i Tennessee, for å erstatte David. Yes er framleis aktive i dag, meir enn 40 år etter dei vart danna.

Historie

Danninga og dei første tre albuma (1968–1971)

Yes vart danna i 1968 av vokalist Jon Anderson og bassist Chris Squire.Welch 2008, s. 3 Anderson var medlem av The Warriors med broren Tony, og hadde spelt på singlane under psevdonymet Hans Christian.Welch 2008, s. 21–22. Squire var ein del av The Syn, og brukte tid på å utvikle bassteknikken sin etter at bandet vart oppløyst i 1967. Han danna Mabel Greer's Toyshop i januar 1968 som bestod av songar og gitarist Clive Bailey, trommeslagar Bob Hagger og tidlegare Syn-gitarist Peter Banks.Welch 2008, s. 33–34. Dei spelte på klubben The Marquee i Soho der Jack Barrie, eigaren av den nærliggande klubben La Chasse, såg dei spele. «Det var ikkje noko merkverdig med dei...dei var gode musikarar, men det var ikkje tydeleg at dei var på veg til noko stort».Welch 2008, s. 23. Barrie introduserte Squire for Anderson ved La Chasse, der dei fann felles interesse i band som Simon & Garfunkel og harmonisynging. Same kvelden skreiv dei «Sweetness» heime hos Squire, som var med på det første Yes-albumet.Welch 2008, s. 24. Banks forlet Mabel Greer's Toyshop for å bli med Neat Change, men Squire inviterte han attende til ei attforeint gruppe etter at Bailey drog sin veg, i tillegg til at dei hadde fått Anderson på vokal. Hagger vart erstatta av Bill Bruford, ein jazz-tilhengjar som hadde sett inn ei annonse i Melody Maker.Welch 2008, s. 37 Bruford møtte først bandet den 7. juni 1968 og spelte den dagen på Rachel McMillan College i Deptford.Welch 2008, s. 34–35. Organisten og pianisten Tony Kaye, som hadde vore i Johnny Taylor's Star Combo og The Federals, var det femte og siste medlemmet som vart med i bandet.Welch 2008, s. 38

Med besetninga komplett vart Mabel Greer's Toyshop kalla Yes etter forslag frå Banks. Dei øvde i kjellaren i kafeen The Lucky Horseshoe på Shaftesbury Avenue mellom 10. juni og 9. juli 1968.Bruford, s. 35Welch 2008, s. 39Welch 2008, s. 44 Den første konserten som Yes vart halden 4. august i East Mersea Youth Camp i Essex. Dei første konsertane bestod av coverversjonar av songane til artistar som The Beatles, The 5th Dimension og Traffic. «Det var litt av nokre versjonar, med fullstendig Yes-handsaming! Me arrangerte ikkje berre songar - me hylla dei med mykje entusiasme», sa Banks.Welch 2008, s. 45 Den 16. september 1968 spelte Yes på klubben Blaise i London som erstatning for Sly & the Family Stone, som ikkje møtte opp. Dei vart godt tekne imot av publikum, inkludert verten Roy Flynn, som vart manageren til bandet den kvelden.Welch 2008, s. 50–51 Dei spelte kort tid etter på The Marquee, men Bruford forlet bandet i september for å studere ved Leeds University.Welch 2008, s. 52–53. Han vart erstatta av Tony O'Riley frå The Koobas, som strevde med å spele med gruppa på konsertane deira. Anderson og Squire bad Bruford om å vende attende, som etter å ha blitt nekta eit friår, vart medlem av Yes att då dei fekk spele på farvellturneen til Cream ved Royal Albert Hall den 26. november 1968.

mini|upright|Jon Anderson Tidleg i 1969 signerte Yes ein avtale med Atlantic Records. Debutalbumet kom ut i august,Welch 2008, s. 315 og inkluderte ei utgåve av «Every Little Thing» av The Beatles og «I See You» av The Byrds, samt originale songar. Lester Bangs gav albumet positiv omtale i Rolling Stone, og «likte stilen, smaken og finurlegheita» på plata. Journalist i Melody Maker, Tony Wilson, valde ut Yes og Led Zeppelin som banda som «mest truleg kom til å lukkast».Liner notes on Yes (1969) Etter ein turné i Skandinavia med The Small Faces i februar 1970, spelte Yes den første større solokonserten sin i Queen Elizabeth Hall i London den 21. mars. Den andre halvdelen av konserten bestod av utdrag frå det komande albumet deira, Time and a Word, der dei hadde med seg eit 20 mann stort ungdomsorkester.Welch 2008, s. 77 Albumet kom ut i juli 1970, og orkester spelte i lag med bandet på songane til bandet, samt to coverversjonar - «Everydays» av Buffalo Springfield og «No Opportunity Necessary, No Experience Needed» av Richie Havens. Peter Banks, som var misnøgd med at bandet nytta orkester og at Roy Flynn hadde fått sparken tidlegare på året, forlet bandet før albumet kom ut 2. mai 1970.Welch 2008, s. 80. Erstatninga til Banks var Tomorrow-gitarist Steve Howe, som vart med på plateomslaget til den amerikanske utgåva av Time and a Word, trass i at han ikkje spelte på albumet. Albumet nådde 45. plass i Storbritannia og Howe spelte den første konserten sin med Yes den 15. juli i Lyceum Theatre i London.Welch, 2008, s. 89

The Yes Album, det tredje albumet til bandet, kom ut i januar 1971. Det var det første albumet med songar utelukkande laga av bandet. Songane vart skrivne og øvde inn i eit gardshus i Devon. Howe vart raskt ein viktig del av stilen til Yes, og spelte fleire forskjellige instrument som ein spanske laúd. The Yes Album var òg det første albumet med produsent og lydteknikar Eddie Offord, som arbeidde med bandet i lang tid. I følgje Offord varte innspelingane i 12 timar eller meir. Kvart spor vart sett saman av små delar, som typisk var 30 sekund til eitt minutt lange, og som så vart sett i saman til eit heilt stykke. Først etter den endelege miksen av kvart spor kunne bandet lære songane for å spele dei på konsertane sine. The Yes Album nådde fjerdeplass i Storbritannia og 40. plass i USA. For å marknadsføre albumet la Yes ut på ein 28 dagar lang turné i Europa med Iron Butterfly i januar 1971.Welch 2008, s. 102 Bandet kjøpte heile høgtalaranlegget til Iron Butterfly, og dei fekk slik betre lyd og kunne halde betre konsertar.Welch 2008, s. 104 Den første konserten deira i Nord-Amerika følgde den 24. juni 1971 ved Edmonton Gardens i Edmonton i Alberta, som oppvarming for Jethro Tull.Bruford, s. 55 Tony Kaye spelte den siste konserten sin med Yes ved Crystal Palace Bowl i august det året. Avgjersla kom etter gnissingar mellom han sjølv og Howe på turneen,Welch 2008, s. 109 og fordi han var motvillig til å spele Mellotron og Minimoog synthesiser.

Fragile, Close to the Edge og Topographic Oceans (1971–1974) mini|venstre|Roger Dean har designa dei fleste plateomslaget til Yes sidan 1971. Då Kaye forlet bandet hadde Yes alt funne ein ny klaverspelar – Rick Wakeman, ein klassisk opplært musikar som hadde forlate folkrockgruppa Strawbs tidlegare på året. Han var alt ein kjend studiomusikar og hadde spelt for mellom andre T. Rex, David Bowie, Cat Stevens og Elton John. Squire kommenterte at han kunne spele «piano i tre taktar, ein mellotron i to taktar og så ein Moog for den neste takten, nesten på direkten», noko som gav Yes ein orkester- og kortekstur som høvde godt inn med dei nye songane deira.

Den 26. november 1971 kom det fjerde albumet til bandet, Fragile der dei synte ein aukande interesse for strukturane i klassisk musikk, med eit utdrag av Eldfuglen av Igor Stravinskij som hadde vorte spelt i starten av konsertane deira sidan 1971-1972-turneen.Yessongs track listing. Atlantic Records 1973. Kvart medlem spelte eit solospor på albumet, og det markerte starten på eit langt samarbeid med kunstnaren Roger Dean, som laga bandlogoen deira, plateomsmlaga og scenekulissane. Fragile nådde sjuandeplassen i Storbritannia og fjerdeplassen i USA. etter det kom ut der i januar 1972, og vart det første albumet deira som nådde topp ti i Nord-Amerika. Opningssporet «Roundabout», vart gjeve ut som ein forkorta singel og nådde 13. plass på den amerikanske singellista. I februar 1972 spelte Yes inn ein versjon av «America» av Paul Simon. Singelen nådde 46. plass på den amerikanske singellista. Songen vart sidan gjeven ut på The New Age of Atlantic, eit samlealbum med fleire band som hadde kontrakt med Atlantic Records.

Close to the Edge kom ut i september 1972 og var det femte albumet ti lbandet, og det mest ambisiøse albumet deira til då. Med ei lengd på 19 minuttar tok tittelsporet heile den eine vinylsida og kombinerte element av klassisk musikk, psykedelisk rock, pop og jazz. Albumet nådde tredjeplassen i USA og fjerdeplassen i Storbritannia.Welch 2008, s. 129 «And You and I» vart gjeve ut som singel og nådde 42. plass i USA. Suksessen bandet no hadde var ikkje nok til å halde på Bruford, som forlet Yes sommaren 1972, før albumet kom ut, for å bli med i King Crimson. Erstattaren hans var tidlegare Plastic Ono Band-trommis Alan White, ein ven av Anderson og Offord som hadde spelt med bandet ein gong nokre veker før Bruford forlet bandet. White lærte seg setlista til bandet i løpet av tre dagar før dei drog ut på 1972-1973-turneen. Yes var no verdskjend og hadde stor suksess både på salslistene og hos kritikarane. Konsertopptak med White vart gjeve ut som Yessongs, eit trippelt konsertalbum som kom ut i mai 1973. Albumet nådde sjuandeplassen i Storbritannia og 12. plass i USA.Welch 2008, s. 136 Ein konsertfilm med same namn hadde premiere i 1974Welch 2008, s. 146 og synte konserten deira i Rainbow Theatre i desember 1972, med ekstra psykedeliske visuelle bilete og effektar.