Bendix Ebbell () var ein norsk medisinar og teolog, kjend for misjonsarbeid på Madagaskar og interessa si for det gamle Egypt.
Ebbell var fødd i Christiania. He fekk grada cand.theol. i 1888 og cand.med. i 1892. Frå 1893 til 1912 arbeidde han som lege for dei norske misjonærane på Madagaskar. Han dreiv medisinsk forsking, mellom anna på mangelsjukdommar, og gav ut innsiktsfulle studie om beri-beri og rakitt. I 1903 gav han ut musikken til den madagassisk-lutherske salmeboka.
Han gifta seg med Anna Margrethe Dahle, som sjølv var dotter av ein misjonsprest og oppvaksen på Madagaskar, i 1894. Han grunnla eit sjukehus i den norske misjonsstasjonen Antsirabé. Det blei brend ned av motstandarar mot det franske kolonistyret i 1896, men raskt attreist av Ebbell.
Bendix Ebbell var òg interessert i egyptologi, særleg gammalegyptisk medisin. Han omsette to papyrusar, «Papyrus Ebers» frå 1500-talet f.Kr. og Papyrus Edwin Smith frå 1600-talet f.Kr.
I 1912 kom Ebbell tilbake til Noreg og blei distriktslege i Sandnes. Frå 1917 til 1935 var han fylkeslege i Rogaland og distriktslege i Hetland.
Bendix Ebbell var medlem av hovudstyret i Det Norske Misjonsselskap frå 1924 til 36. Han blei vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1937.
Kjelder
Bendix Ebbell i Norsk Biografisk Leksikon ved snl.no
Kategori:Norske legar Kategori:Norske egyptologar Kategori:Vitskapsfolk frå Oslo Kategori:Norske misjonærar Kategori:Misjonærar på Madagaskar Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi