Kraljevo (kyrillisk Краљево) er ein by og kommune i Serbia ved elva Ibar, 7 km før ho munnar ut i Zapadna Morava, mellom Kotlenikfjella i nord og Stolovifjella i sør.
I 2022 hadde byen 57 432 innbyggjarar, medan kommunen hadde om lag 110 196 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Raška. Sjølve byen består av 16 busetjingar.
Namn Han vart tidlegare kalla Rudo Polje (Рудо Поље), Karanovac (Карановац) og Rankovićevo (Ранковићево), og fekk det noverande namnet, som tyder «kongebyen», frå kong Milan (1868-1889).
Historie og attraksjonar Ved Žiča kloster ligg Kroningskyrkja, der sju kongar visstnok skal ha vorte krona. Kyrkja er bygd i austromersk stil og hovudtårnet er frå 1210.
Det kjende klosteret Studenica, ligg 39 km sørvest for Kraljevo, grunnlagd av kong Stefan Nemanja i 1190. Han vart sjølv munk her og vart kanonisert som Sankt Simeon.
Befolkningsutvikling
+ Historiske folketal År Folketal 1948 75 657 1953 82 454 1961 91 580 1971 106 153 1981 121 622 1991 125 772 2002 121 707 2011 125 488 2022 110 196
Busetnader Dei største busetnadane i kommunen er:
Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Kraljevo 58 847 64 175 57 432 3 982 4 972 4 656 3 372 3 745 3 344 2 715 3 210 3 028 2 198 2 232 2 562 2 732 2 950 2 432 2 133 2 287 2 033
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kraljevo» frå , den 23. mars 2009.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside kraljevo.com
Kategori:Byar i regionen Šumadija og vestlege Serbia Kategori:Byar og tettstader i distriktet Raška Kategori:Distriktet Raška