Winston-Salem er ein by i den amerikanske delstaten Nord-Carolina med eit folketal på rundt 230 000 (2010).

Byen ligg nord i delstaten, rundt 70 km vest for Greensboro og rundt 45 km sør for grensa til Vest-Virginia.

mini|venstre|Kart over Winston-Salem frå 1891. Byen blei danna gjennom ei samanslåing av dei to nabobyane Winston og Salem i 1913. Denne nemninga var allereie blitt brukt av det amerikanske postvesenet frå 1880-åra. I 1920 hadde Winston-Salem eit folketal på 48 395, og var den største byen i Nord-Carolina.

Tobakkselskapet R. J. Reynolds Tobacco Company og Reynolds-familien har hatt mykje å seia for utviklinga av byen. Selskapet blei skipa i 1875, og blei kjend for produkt som Prince Albert pipetobakk (1907) og Camel-sigarettar (1913).

I 1917 kjøpte selskapet 340 000 m2 land i byen og bygde 180 hus som det selde til arbeidarane sine for kostpris. Byggjefeltet blei kalla Reynoldstown.

I 1929 stod skyskraparen Reynolds Building på 96 m ferdig. Han hadde 21 etasjar, og husa hovudkvarteret til Reynolds-selskapet. Skyskrapren var den høgaste bygningen i USA sør for Baltimore i Maryland, og blei utnemnd til årets beste bygning av American Institute of Architects. Bygningen var ein forløpar og prototyp for den mykje høgare Empire State Building som blei bygd i New York i 1931.

På 1940-talet var 60 % av arbeidarane i Winston-Salem tilsette anten i ved Reynolds-fabrikken eller ved tekstilverksemda til Hanes.

Andre større verksemder frå byen er T.W. Garner Foods, som byrja selja den landskjende chilisausen Texas Pete i 1929, og Krispy Kreme, som opna sitt første smultringutsal i byen i 1937.

Han har fleire universitet og høgskular, som Wake Forest University, Winston-Salem State University, North Carolina School of the Arts og Salem Academy and College.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Winston-Salem» frå , den 23. mars 2009. Delar av denne artikkelen bygger på «Winston-Salem, North Carolina» frå , den 4. april 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Nord-Carolina Kategori:Skipingar i 1913