Emotional Rescue er eit album av The Rolling Stones frå 1980. Då det kom ut toppa det salslistene i både USA og Storbritannia.

Historie

Albumet vart spelt inn gjennom 1979, først i Nassau på Bahamas, så i Paris, og til slutt nokre ekstra lydspor i New York City. Emotional Rescue var det første Rolling Stones-album etter Keith Richards vart frikjend frå narkotikamisbruk i Toronto som kunne ha sett han i fengsel i fleire år. Med ny giv etter det suksessrike Some Girls skreiv Richards og Mick Jagger fleire nye songar - nokre av dei kom ut på Tattoo You og berre ti vart valde ut til Emotional Rescue.

På fleire av songane spelte berre kjernen i bandet, Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts, Ronnie Wood og Bill Wyman, medan keyboardistane Nicky Hopkins og bandgrunnleggaren Ian Stewart, saksofonisten Bobby Keys og munnspelaren Sugar Blue medverka på andre songar.

Omslaget var teikna av Peter Corriston og viser eit utval av bandfoto som vart tekne med eit varmesøkjande kamera.

Albumet kom ut i juni med den disco-aktige tittelsporet som førstesingel. Albumet vart ein stor salssuksess og gjekk til topps på begge sider av Atlanteren, i heimlandet Storbritannia var det den første førsteplassen deira sidan Goats Head Soup i 1972 og han låg sju veker på toppen av den amerikanske lista. I Noreg nådde albumet fjerdeplass. Singelen gjekk til tredjeplassen i USA. Den andre singelen var «She's So Cold», som nådde Topp 30 i USA, medan «Dance Pt. 1» nådde 9. plass på danselista til Billboard.

Innhald

Medverkande The Rolling Stones Mick Jagger – solovokal , elektrisk gitar , korvokal , elektrisk piano , perkusjon Keith Richards – elektrisk gitar , korvokal , akustisk gitar , bassgitar , piano , solovokal Bill Wyman – bassgitar , synthesizer Charlie Watts – trommer Ronnie Wood – elektrisk gitar , bassgitar , pedalsteel , korvokal , saksofon

Andre medverkande Ian Stewart – elektrisk og akustisk piano, perkusjon Nicky Hopkins – klaverinstrument Sugar Blue – munnspel Bobby Keys – saksofon Michael Shrieve – perkusjon Max Romeo – korvokal på «Dance (Pt. 1)» Jack Nitzsche – blåsararrangement på «Indian Girl»

Teknisk Chris Kimsey – medprodusent og lydteknikar Snake Reynolds – assisterande lydteknikar Sean Fullan – assisterande lydteknikar Ted Jensen – mastering

Salslister

Vekeslister Liste (1980)PlasseringAustralske Kent Music Report4Den austerrikske albumlista2Kanadiske RPM-lista1Den nederlandske albumlista1Den franske SNEP-listaMer: vel 'The Rolling Stones' frå lista.1Den italienske albumlista5Den japanske Oricon-lista10Den newzealandske albumlista2Noreg - VG-lista4Den spanske albumlista5Den svenske albumlista1UK Albums Chart1US Billboard 2001Den vesttyske Media Control-lista2

Årslister Liste (1980)PlasseringDen australske albumlista19Den austerrikske albumlista9Canadian Albums Chart8Den nederlandske albumlista20Den franske albumlista27Den italienske albumlista22US Billboard Pop Albums35

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Emotional Rescue» frå , den 28. mars 2018.

Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Album produserte av The Glimmer Twins Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Rolling Stones Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Plateomslag av Peter Corriston Kategori:Nummer-ein-album i Canada Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Frankrike Kategori:Nummer-ein-album i Sverige Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i USA