People for the Ethical Treatment of Animals (PETA) er ein internasjonal dyrevernsorganisasjon. Han blei grunnlagd i 1980 i Norfolk i den amerikanske delstaten Virginia av Ingrid Newkirk, som framleis er leiar, og Alex Pacheco.

Laget arbeider etter slagordet «dyra er ikkje til for at me skal å eta, ha dei på oss, eller bruka dei til underhaldning».«Animals are not ours to eat, wear, experiment on, or use for entertainment.» Sjå til dømes petakids.com Dei kjemper mot fire hovudsaker: Industrilandbruk, pelsoppdrett, dyreforsøk og dyr som underhaldning. Dei engasjerer seg og mot mishandling av kjæledyr, hjelp for lausdyr og drap av det som blir rekna som skadedyr.PETA's Mission Statement, vitja 27. mars 2009 PETA driv kennelar for herrelause husdyr og føretek undersøkingar rundt behandling av dyr som dei så gjev ut, gjerne som reklame, oppfordrer til veganisme og utfører demonstrasjonar og markeringar. Nokre handlingar frå PETA-medlemmer har vore svært ekstreme, som trakassering av folk dei meiner står bak dyreplageri.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «People for the Ethical Treatment of Animals» frå , og «People for the Ethical Treatment of Animals» frå den 27. mars 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Dyrevernorganisasjonar Kategori:Skipingar i 1980 Kategori:Internasjonale organisasjonar