Bugøynes (finsk/kvensk Pykeijä, nordsamisk Buođggák) er ein stad og det einaste fiskeværet i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Det bur om lag 200 personar i Bugøynes.
Bugøynes vert òg gjerne kalla «Vesle-Finland» (Pikku-Suomi). Den lokale forfattaren Alf Salangi har omtalt henne som «Pikku-Finland».
Historie Bygda vart folkesett av finske innvandrarar på 1800-talet. Finsk er eit språk som enno er i dagleg bruk i bygda, men etterkvart er det berre blitt eldre folk som snakkar bugøynesfinsk.
Bugøynes er ein av få stader som unngjekk å verte nedbrent av tyske soldatar då dei trekte seg tilbake frå Nord-Troms og Finnmark under den andre verdskrigen. Staden er derfor prega av tett trehusbusetnad. Bugøynes kyrkje vart innvigd i 1989.
Då fiskebruket vart seld på tvangsauksjon i 1989, averterte folket heile bygda til sals i dei største avisene i landet. Det var eit rop om hjelp. I den seinare tida har kongekrabben vorte ein viktig ressurs for bygda, og har snudd pessimismen til optimisme. Her finst òg slipp og steintak for Statens hamnevesen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Da nesten alle Bugøynes-væringer var finskættede. 6. januar 2020. NRK Kvensk
Kategori:Busetnader i Finnmark Kategori:Fiskevær i Finnmark Kategori:Geografi i Sør-Varanger