Manger kyrkje står i tettstaden Manger i Alver kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1891. Arkitekt for bygget var Hans Heinrich Jess.

Dagens kyrkje er den fjerde kjende på plassen. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje frå 1100-talet som ein meiner stod til kring 1600 då ho vart avløyst av ei lafta kyrkje. Den andre kyrkja stod til 18. januar 1738 då ho brann ned etter lynnedslag. Ny kyrkje vart vigsla 5. november 1743. Dette var ei steinkyrkje som stod til 1889 då ho måtte vike plassen for dagens kyrkje.

Manger kyrkje høyrer til Radøy sokn i Nordhordland prosti.

Vedlikehald Målingar tatt i 2014 avslørte kyrkja blir stadig skeivare i veggen mot nordaust. Veggen mot nordaust er no 22,9 centimeter skeiv frå topp til botn. Dette er ein auke av 3.9 centimeter siden 2006. Kyrkja har vorte stengd fleire gonger grunna vind, og gudtenester har verta halde I Sæbø kyrkje i staden. Utbetringsarbeidet hastar, og frykta er at ekstremvêr med storm eller orkan frå sørvest skal gjera større skader på kyrkjebygget innvendig, og i verste fall føra til at kyrkja rasar saman. Eit plan til utredningsarbeid har konsulentselskapet Akasia lagt fram i et forslag til løysing til soknerådet. Kostnaden til stabilisering var I 2015 ramma på 7,5 millionar kroner.

Kjelder

Norges Kirker: «Manger kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking Radøy kommune om Om Manger kyrkje

Litteratur Harry Fett, Norges kirker i det 16de og 17de aarhundrede, Norsk folkemuseum, Kristiania, 1911. E-bok B.E. Bendixen,Kirkerne i Søndre Bergenhus amt : bygninger og inventarium., John Griegs Bogtrykeri, Bergen 1904. E-bok Johan Litleskare, Soga um Manger kyrkja. Frå den fyrste kristne tid til 1941, Manger herad, 1940. Gunnar Kolstad, Lars Morken, Magne Myrtveit, Per Einar Sønnesyn (redaksjon), Manger kyrkje og prestegard. Jubileumsskrift i høve 100-årsdagen til Manger kyrkje 27. oktober 1991, Manger sokneråd, 1991. ISBN 82-99-2484-1-8 E-bok Jarle Sulebust, Strilesoga. Nord- og Midthordland gjennom tidene. Band 2, Eide forlag, Bergen, 1997. ISBN 82-514-0520-3 Atle Døssland og Karl Egil Johansen, Strilesoga. Nord- og Midthordland gjennom tidene. Band 4, Eide forlag, Bergen, 1999. ISBN 82-514-0554-8 Hans-Emil Lidén og Vidar Trædal, Red: Anne Marta Hoff, Norges kirker. Hordaland. Bind III i serien Norske minnesmerker, Norsk institutt for kulturminneforskning/Gyldendal, Oslo, 2003. ISBN 82-05-311-38-2. Elektronisk utgåve av relevant kapittel på Norges kirker. Anders Haugland, Radøy gjennom tidene. Bind 3. Frå gnr 42 Flone til gnr 62 Kolås, Radøy kommune, 2010. ISBN 978-82-995960-4-6

Bakgrunnsstoff Om Radøy sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Radøy kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Hans Heinrich Jess Kategori:Kyrkjer i Alver Kategori:Kyrkjer i Nordhordland prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1891 Kategori:Kulturminne i Alver