A Bigger Bang er det 22. studioalbumet til The Rolling Stones. Det var ein oppfølgjar til Bridges to Babylon 1997, og begge desse, samt Voodoo Lounge frå 1994, vart produsert av Don Was og The Glimmer Twins.

Historie A Bigger Bang vart stort sett spelt inn heime hos Mick Jagger i Frankrike, på liknande måte som Exile on Main St. vart spelt inn i heimen til Keith Richards i same land i 1971. Jagger og Richards arbeidde òg på albumet i 2004 med produsent Don Was i heimen til Jagger i Karibia. Charlie Watts slo seg seinare med etter å ha vorte operert for strupekreft. Darryl Jones spelte bass og Chuck Leavell spelte piano på fire spor.

Albumet har ein enklare stil ala Some Girls, med hardare og meir moderne. Mange av songane vart spelt inn med kjernen i bandet, Richards, Jagger og Watts. Ronnie Wood var ikkje med på desse innspelingane og spelte berre på ti av seksten spor.

Dei første rapportane om albumet fortalte at the Stones hadde gått «tilbake til røtene sine» med minimal instrumentering, grov miks og tøff blues og garagerock ala kontemporære grupper som The White Stripes og The Black Keys, noko som viste at the Stones framleis var i kontakt med moderne trendar i rockemusikken.

Albumet fekk god kritikk og vart erklært det beste Rolling Stones-albumet sidan Tattoo You i 1981. Dei fleste albuma til the Stones sidan Steel Wheels i 1989 har derimot fått liknande merknad, og fleire meiner at the Stones enno ikkje har laga eit album dei siste 30 åra som har vore opp mot det beste dei kan.

Den første singelen frå albumet var «Streets of Love» og nådde 15. plass på den britiske singellista, medan A Bigger Bang gjekk inn på andreplass i Storbritannia og i Noreg, og tredjeplass i USA. Som dei første Stones-albuma sidan Tattoo You selde det ikkje all verda og singlane vart heller ikkje store hittar. I 2006 hadde albumet likevel seld 2,4 millionar eksemplar. . EMI Annual Report. 31. mars 2006

I august 2005 la the Rolling Stones ut på A Bigger Bang Tour for å støtte opp om albumet. Det vart halde 90 konsertar i Nord-Amerika, samtlege av dei utselde. Turneen strekte seg inn i 2007 og Europa. Under turneen fall Keith Richards ned frå eit tre på Fiji og dei måtte ta ein pause i turneringa. Turneen enda i august 2007 på O2 Arena i London.

Albumet er det første der Jagger òg spelar bass på nokre spor. Dette kom av at Ronnie Wood ikkje medverka like mykje som tidlegare.

Sjølv før singlane kom ut vart A Bigger Bang kjend for songen «Sweet Neo Con», som var kritisk til både President George W Bush og amerikansk politikk generelt.«Satisfaction Guaranteed». Newsweek. 14. aug. 2005.

Innhald

Deluxe-utgåva av albumet inneheldt to spor til på ein DVD, «Under the Radar» (4:34) og «Don't Wanna Go Home» (3:33).

Medverkande

The Rolling Stones Mick Jagger – bass (6, 7, 11, 13, 14), gitar (1-5, 8, 10-16), munnspel (6, 13), klaverinstrument (4, 12, 13, 16), perkusjon (6, 7, 12, 15, 16), produksjon (alle spor), slidegitar (6, 9), vibrafon (4), vokal (alle spor) Keith Richards – bass (9, 10, 16), gitar (alle spor), klaverinstrument (16), piano (9), produksjon (alle spor), vokal (2, 3, 7-9, 16) Charlie Watts – trommer (alle spor) Ronnie Wood – gitar (3-5, 7, 12, 14, 15), slidegitar (1, 2)

Andre medverkande Lenny Castro – perkusjon (14) Blondie Chaplin – vokal (7, 16) Matt Clifford – klaverinstrument (4, 5), orgel (5), piano (5), produksjon (5), programmering (5), strykearrangement (5), vibrafon (4, 5) Darryl Jones – bass (1-5, 8, 10, 12, 14, 15) Chuck Leavell – orgel (3, 5, 8), piano (1, 5, 15)

Teknisk J.D. Andrew – redigering (alle spor), lydteknikar (alle spor) Andy Brohard – lydteknikar (1) Ryan Castle – lydteknikar (1) Pierre de Beauport – gitarteknikar (alle spor), lydteknikar (alle spor) Tony King – plateomslag Nick Knight – fotografi Stephen Marcussen – mastering (alle spor) Michael Nash – plateomslag Dean Nelson – lydteknikar (2, 3, 5-11, 15) Jack Joseph Puig – lydmiksing (2, 3, 5-11, 15) Stewart Whitmore – redigering (alle spor) Dave Sardy – lydmiksing (1) Krish Sharma – lydmiksing (4, 6, 12-14, 16) German Villacorta – lydmiksing (4, 6, 12-14, 16) Don Was – produksjon (alle spor)

Salslister

Vekeslister Albumliste (2005)PlasseringEuropean Albums (Billboard)1Greske album (IFPI)1Ungarske album (MAHASZ)10

Singlar ÅrSingelListePlassering 2005 «Rough Justice» Mainstream Rock Tracks 25 2005 «Streets of Love»/«Rough Justice» UK Top 75 Singles 15 2005 «Oh No, Not You Again» Mainstream Rock Tracks 34 2005 «Rain Fall Down» UK Top 75 Singles 33 2006 «Rain Fall Down» Hot Dance Singles/Club Play 21 2006 «Biggest Mistake» UK Top 75 Singles 51

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «A Bigger Bang» frå , den 30. mars 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2005 Kategori:Rolling Stones-album Kategori:Album produserte av Don Was Kategori:Album produserte av The Glimmer Twins Kategori:Virgin Records-album Kategori:Album spelte inn i A&M Studios Kategori:Nummer-ein-album i Austerrike Kategori:Nummer-ein-album i Canada Kategori:Nummer-ein-album i Danmark Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i Hellas Kategori:Nummer-ein-album i Italia Kategori:Nummer-ein-album i Sverige Kategori:Nummer-ein-album i Sveits