«Travellin' Light» er ein song av Cliff Richard og The Shadows. Songen vart gjeven ut som singel i oktober 1959, og som føregangaren «Living Doll» gjekk han heilt til topps på singellistene i Europa. I Noreg låg songen tre veker på førsteplassen, og totalt 15 veker inne på Topp 10.

Songen er skriven av Sid Tepper og Roy C. Bennet, og vart spelt inn i London 25. juli 1959.

Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Singlar frå 1959 Kategori:Songar frå 1959 Kategori:Songar på toppen av VG-lista