Gjerstad kyrkje står på Gjerstad i Osterøy kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1870.
Byggmeister for kyrkja var Ole Vangberg. Han baserte teikningane på grannekyrkja Bruvik kyrkje som han òg hadde vore byggmeister for. Teikningane til Bruvik kyrkje var i sin tur baserte på dei laga av Frederik Hannibal Stockfleth til Fusa kyrkje.
Det har vore kyrkje på Gjerstad sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Gjerstad-kyrkja nemnd i kjeldne er 1329. Mellomalderkyrkja var truleg ei stavkyrkje som vart avløyst av ei lafta kyrkje i 1622. 1600-talskyrkja stod til den noverande kyrkja skulle byggjast.
Gjerstad kyrkje er soknekyrkje i Gjerstad sokn i Åsane prosti. Soknet har tidlegare høyrd til Haus prestegjeld og fram til utfasinga av prestegjeld frå 2004 Osterøy prestegjeld.
Kjelder Gjerstad kirke frå Norges Kirker/NIKU og KA
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Gjerstad sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Osterøy kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Osterøy Kategori:Kyrkjer i Åsane prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Ole Vangberg Kategori:Kulturminne i Osterøy