«The House of the Rising Sun» er ei folkevise frå USA. Stundom vert han kalla berre «House of the Rising Sun» eller «Rising Sun Blues». Han fortel historia om eit liv som går gale i New Orleans. Songen kan syngast både frå perspektivet til ei kvinne eller ein mann, avhengig av kven som syng han. Den mest kjende utgåva av songen vart spelt inn av den engelske rockegruppa The Animals i 1964, som vart ein listetoppar i Storbritannia, USA, Sverige og Canada.

Opphav og tidlege versjonar Som mange klassiske folkeviser er det ukjend kven som har skrive songen. Enkelte musikkhistorikarar meiner at han er basert på skillingsviser som «Unfortunate Rake» på 1700-talet, som vart ført til Amerika av tidlege nybyggjarar. Mange av desse hadde eit tema som sa «visst berre...» og etter ein periode med utvikling dukkar dei opp som amerikanske songar som «Streets of Laredo».

Den eldste kjende eksisterande innspelinga er av Clarence «Tom» Ashley og Gwen Foster frå 1933. Ashley sa han hadde lært songen av bestefaren, Enoch Ashley. Alger «Texas» Alexander sin «The Risin' Sun», som vart spelt inn i 1928, er ein heilt annan song. Callahan Brothers spelte inn songen i 1934.

Songen kunne ha vorte gløymd om det ikkje hadde vore for at han vart med i samlinga til folkloristen Alan Lomax. Lomax og faren samla inn amerikanske folkeviser for Library of Congress frå 1932. Dei søkte heile landet etter songar. På ein tur med kona til Kentucky spelte Lomax inn ei utgåve av songen, sungen av Georgia Turner, ei 16 år gammal dotter av ein lokal gruvearbeidar. Han kalla songen «The Risin' Sun Blues». Lomax spelte seinare inn andre utgåver av songen sungen av Bert Martin og Daw Henson, begge frå Kentucky. Lomax, trykte songen i songboka Our Singing Country i 1941, med teksten tilskriven Turner og ein referanse til Martin si utgåve. Seinare skreiv at han melodien hadde likskap til den tradisjonelle engelske balladen «Matty Groves».BBC Radio 4 program 18 jan. 2008BBC

Roy Acuff, som spelte inn songen 3. november 1938, kan ha lært songen frå Clarence Ashley som han stundom spelte i lag med. I 1941 spelte Woody Guthrie inn ei utvåve. Seint i 1948 spelte Lead Belly inn ein versjon kalla «In New Orleans». I 1957 spelte Glenn Yarbrough inn songen for Elektra Records. Songen er òg tilskriven Ronnie Gilbert på ein av dei gamle Weavers-albuma med Pete Seeger som kom ut seint i 1940- eller tidleg i 1950-åra. Frankie Laine spelte inn ei utgåve kalla «New Orleans» på albumet Balladeer frå 1959. Joan Baez spelte songen i 1960 på debutalbumet hennar.http://www.youtube.com/watch?v=NkyYHYUcGgo I 1960 gjorde òg Miriam Makeba ei utgåve av songen for RCA.

Seint i 1961 spelte Bob Dylan inn songen for debutalbumet hans, Bob Dylan, som kom ut i mars 1962. Her vert Dylan tilskriven songen.

I eit intervju med Eric Burdon frå The Animals fortalte han at han først høyrte songen i ein klubb i Newcastle og at han vart sungen av den northumbriske folkesongaren Johnny Handel. The Animals var på turne med Chuck Berry og valde denne songen for å ha noko som var annleis.. The Animals fekk ein stor hit med songen. Bob Dylan har seinare fortalt at han første høyrte The Animals si utgåve av songen på bilradioen, og «skvatt ut av setet» fordi han likte han så godt.

The Animals-utgåva

Uansett kva inspirasjonskjelda var, så var The Animals si utgåve av «The House of the Rising Sun» i ein heilt ny stil, og forfattar Dave Marsh har skildra han som «den første folkerock-hiten».Dave Marsh, The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made, NAL, 1989. Plassering #91. medan Ralph McLean i BBC hevda at «det definitivt var den første folkrock-songen» og kallar han «ein revolusjonær singel» og at «den moderne musikken endra seg for alltid etter dette»Ralph McLean, «Stories Behind the Song: 'House of the Rising Sun'», BBC.

The Animals endra songen frå å vere fortald av ei kvinne til å bli fortald av ein mann, og faren er no ein gambler og ein fyllik, i motsetnad til ein «koseleg far» i tidlegare utgåver.

The Animals starta å nytte arrangement av «House of the Rising Sun» under ein konsertturne med Chuck Berry, og nytta han som avslutningsnummer for å skilje seg frå dei andre artistane, som alltid slutta med ein streit rockelåt.Eric Burdon, I Used To Be An Animal, But I'm All Right Now, Faber and Faber, 1986, s. 60-62. Han fekk særs god respons hos publikum, og overbeviste plateprodusent Mickie Most at songen hadde eit hitpotensial.. I ein pause i turneen spelte bandet inn songen i Kingsway i London.

Songen vart spelt inn på berre eitt forsøk den 18. mai 1964,Ray Marshall, «The rise of supergroup», Newcastle Evening Chronicle, 17. august 2005. og starta med ein kjend arpeggio i A-moll på elektrisk gitar av Hilton Valentine.T.J. McGrath, «Hilton Valentine: The Sun Also Rises» , Dirty Linen, Juni-juli 2006.Barry York, «House of Worship», The Age, 9. juli 2004. Framføringa tok av med solovokalen til Eric Burdon, som stundom har vorte skildra som «hyling», "soulful",Gina Vivinetto, «More animal magnetism», St. Petersburg Times, 15. jnauar 2004. og som like «djup og grusete som kolbyen Newcastle han voks opp i». Til slutt har ein orgelet til Alan Price som utgjorde resten av songen. «House of the Rising Sun» vart ein stor hit på begge sider av Atlanteren og toppa listene både i Storbritannia og USA. Songen vart gjennombrotet deira og vart signaturlåten deira.Muze «Best Of The Animals (Abkco)»" , Tower Records. Songen vart òg ein hit i fleire andre land.

Utgåva til The Animals vert rekna som ein av klassikarane frå den britiske bølgja. Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte Animals-utgåva av songen på 122. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene i 2003 og 123. plassen i 2010. RIAA plasserte songen på 240. plass på lista deira over dei største songane frå 1900-talet.

Frijid Pink-utgåve

Den einaste andre utgåva av songen som vart ein hit var Detroit-bandet Frijid Pink si utgåve av songen frå 1969. Songen har stundom vorte skildra som psykedelisk rock, men heller kanskje meir mot tidleg heavy metal/punk, ala andre Detroit-band som MC5 og The Stooges. The Frijid Pink si utgåve går i 4/4-takt, medan den vanlege utgåva av songen går i 6/8. Songen er driven fram av den forvrengde gitaren til Gary Ray Thompson.Frijid Pink, Allmusic. med fuzz og wah wah-effektar og frenetisk tromming av Richard Stevers. Fraseiringa til songaren Kelly Green er nesten heilt identisk Eric Burdon si frasering.

Songen nådde sjuandeplass på den amerikanske singellista, fjerdeplass i Storbritannia og tredjeplass i Canada. I Noreg gjekk songen heilt til topps på VG-lista, der han vart liggande sju veker i strekk.

Andre utgåver Andre artistar som har spelt songen er: Tim Hardin, Joan Baez, Odetta, Gary Glitter, Dolly Parton, Bachman-Turner Overdrive, Nina Simone, The Rolling Stones, Led Zeppelin, Jimi Hendrix, The Doors , Five Finger Death Punch og Muse.

Songen er omsett til norsk av Arnfinn Klakegg som «Der sola renn i New Orleans».

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The House of the Rising Sun» frå , den 2. april 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Songfacts om «House Of The Rising Sun»

Kategori:USA-amerikanske folkeviser Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:The Animals-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Leadbelly-songar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Nina Simone-songar Kategori:Dolly Parton-songar 123 Kategori:Songar produserte av Mickie Most Kategori:The Ventures-songar Kategori:Roy Acuff-songar Kategori:Pete Seeger-songar Kategori:Lonnie Donegan-songar Kategori:The Weavers-songar Kategori:Odetta-songar Kategori:Woody Guthrie-songar Kategori:Roscoe Holcomb-songar Kategori:Hoyt Axton-songar Kategori:Marianne Faithfull-songar Kategori:The Supremes-songar Kategori:The Platters-songar Kategori:Ronnie Milsap-songar Kategori:Tim Hardin-songar Kategori:The Everly Brothers-songar Kategori:Jerry Reed-songar Kategori:Conway Twitty-songar Kategori:Frijid Pink-songar Kategori:The Bobby Fuller Four-songar Kategori:Tracy Chapman-songar Kategori:Sinéad O'Connor-songar Kategori:Bon Jovi-songar Kategori:Jerry Garcia-songar Kategori:Jimmy Nail-songar Kategori:Toto-songar Kategori:Muse-songar Kategori:Helmut Lotti-songar Kategori:Manfred Mann's Earth Band-songar Kategori:Duane Eddy-songar Kategori:Henry Mancini-songar Kategori:Herbie Mann-songar Kategori:Charlie Byrd-songar Kategori:James Last-songar Kategori:Johnny Hallyday-songar