The Kinks er eit engelsk rockeband. Det vart danna 17. mars 1963 og var ein del av den britiske bølgja. The Kinks har vorte kalla eit av dei viktigaste rockebanda gjennom tidene og vore ei inspirasjonskjelde for mange andre band heilt frå starten av.

The Kinks slo igjennom i 1964 med den tredje singelen sin, «You Really Got Me», skriven av Ray Davies. Namnet på bandet har hatt fleire forklaringar, mellom anna at det kom frå dei «kinky» lærkappene og støvlane dei hadde på under konsertane sine. Den opphavlege besetninga bestod av Ray Davies på vokal og rytmegitar, Dave Davies på sologitar og vokal, Pete Quaife på korvokal og bass og Mick Avory på trommer og perkusjon. Etter at Quaife forlét bandet i 1969, heldt dei fram som eit tremannsband med forskjellige bassistar og keyboardistar. I 1984 førte krangling mellom Dave Davies og Mick Avory til at sistnemnde forlét bandet, og berre dei to brørne var att frå den opphavlege besetninga. Forholdet dei i mellom vart derimot òg dårlegare og etter fleire dårleg mottekne album la bandet til slutt inn årene i 1996.

Dei tidlege, drivande singlane til bandet sette rock and roll-standarden på midten av 1960-talet, medan album som Face to Face, Something Else by The Kinks, The Kinks Are the Village Green Preservation Society, Arthur, Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One og Muswell Hillbillies og dei tilhøyrande singlane er høgt verdsette av tilhengjarar, kritikarar og likemenn, som nokre av dei viktigaste innspelingane på den tida. I new wave-perioden spelte grupper som The Jam, The Knack og The Pretenders songane til Kinks og britpop-artistar som Blur, Oasis og Supergrass har omtalt dei som ein stor påverknad. Mange moderne band som The Killers, The Libertines og Franz Ferdinand har òg sagt liknande om The Kinks og låtskrivinga til Ray Davies. I VH1-dokumentaren HEAVY: the Story of Metal er The Kinks nemnt som ein av dei tidlegaste banda med spor av heavy metal.

Som ein sjølverklært Kinks-fan sa Pete Townshend for The History of Rock 'n' Roll: «The Kinks var det mest fullkomne engelske. Eg har alltid synst at Ray Davies ein dag bør bli hoffdiktar. Han kom opp med ei ny form for poesi og eit nytt språk for poptekstar som påverka meg heilt frå starten av.»

Historie Dei første åra: 1963–1966 mini|The Kinks opptrer i Nordstrandhallen i 1966. Davies-brørne var fødd i Nord-London. Ray Davies studerte for å bli teaterinstruktør ved Hornsey College of Art og fekk erfaring i musikk som gitarist i det Soho-baserte Dave Hunt Band i 1963. Ray og broren Dave hadde spelt skiffle og rock 'n' roll saman. Brørne gjekk begge på William Grimshaw Secondary Modern School, i dag Fortismere School. Venen og klassekameraten Pete Quaife slo seg saman med dei, og dei hadde danna eit band, med venen til Quaife, John Start, på trommer. Bandet hadde fleire songarar i løpet av ein periode, den mest kjende av desse var Rod Stewart. Stewart spelte med gruppa ved minste eitt høve våren 1962 (då dei heitte The Ray Davies Quartet), men vart droppa etter at mor til den dåverande trommeslagaren John Start klaga på stemma hans, og at dei ikkje gjekk så godt i lag.

Bandet nytta fleire namn mellom 1962 og 1963, som «The Ray Davies Quartet», «The Pete Quaife Band», «The Bo-Weevils», og «The Ramrods», før dei slo seg til ro med «The Ravens» sommaren 1963. På denne tida kom trommeslagar Mickey Willet inn i bandet. I desember 1963 var dei på audition hos Philips Records men vart sendt ut. Ein demokassett enda til slutt hos den amerikanske plateprodusenten Shel Talmy, som hjelpte dei til kontrakt med Pye Records tidleg i 1964. Det var på denne tida at The Ravens endra namn til «The Kinks».

Det finst fleire ulike forklaringar på opphavet til namnet. I Jon Savage si tolking trengde dei ein eigen «gimmick» for å få merksemd Manageren Robert Wace har fortald om namnet at han hadde ein venn som kom på ideen om namnet som ein god måte å få merksemd på. Gruppa skal først ha blitt forferda av forslaget, dei ville ikkje kallast «kinky». Ray Davies sin motseiande versjon av soga fortel at Larry Page kom på namnet, og at det viste til den «kinky» klesstilen deira. Ifølgje Davies sa han: «The way you look, and the clothes you wear, you ought to be called the Kinks.» Sjølv sa Davies at han aldri har likt namnet.

Før dei signerte kontrakten forlét trommeslagaren Willet bandet. The Kinks inviterte trommeslagar Mick Avory med i bandet etter å ha sett annonsa hans i magasinet Melody Maker. I tillegg kjende Ray Davies Avory frå før sidan dei hadde vokse opp i det same nabolaget. Avory hadde tidlegare spelt ein konsert med The Rolling Stones, men hadde bakgrunn som jazztrommis.

Den første singelen frå The Kinks, «Long Tall Sally», var ein song av Little Richard, men sidan The Beatles alt hadde hatt stor suksess med denne songen, vart The Kinks si utgåve oversett. Bandet fekk likevel ein del publisitet med god hjelp frå managerane Robert Wace, Grenville Collins og Larry Page. Den andre singelen deira, «You Still Want Me», vart òg ein flopp".

Den tredje singelen, «You Really Got Me», slo derimot til for fullt og gjekk heilt til topps i Storbritannia og inn på Topp 10 i USA etter at bandet spelte songen på det britiske TV-showet Ready Steady Go!. Det høge, forvrengde gitarriffet — som Davies fekk til ved å kutte opp høgtalarane i Elpico-fosterkarane sin — gav songen den kjende, grumsete gitarlyden. «You Really Got Me» var definitivt styrande for korleis hardrock og heavy metal kom til å høyre ut. Den fjerde singelen til bandet, «All Day and All of the Night», ein annan hardrock-song, kom ut seint i 1964. Denne singelen gjekk til andreplassen i Storbritannia og til sjuandeplassen i USA. I 1965 spelte The Kinks inn «Set Me Free» og «Tired of Waiting for You», som begge inneheld eit repeterande bassgitarriff.

Gruppa gav ut tre album og fleire EP-ar dei neste to åra. Dei turnerte samstundes kontinuerleg, noko som førte til gnissingar i bandet. Nokre legendariske slåstkampar skjedde til og med på scenen i denne tida, mellom anna i The Capitol Theatre i Cardiff i Wales i 1965 då den normalt så rolege trommeslagaren Avory slo Dave Davies med hi-hat-pedalen og gjekk til åtak på han på scenen. Avory hevda seinare at det var ein del av eit nytt show der bandet skulle kaste instrument på kvarandre.

Etter den amerikanske turneen sommaren 1964, nekta American Federation of Musicians bandet å spele i Amerika dei neste fire åra, og The Kinks fekk ikkje lenger innpass i den største marknaden for rockemusikk på høgda av den britiske bølgja.Who Let the Kinks In? , Loraine Alterman, Rolling Stone, 18. desember 1969

Bandet gjorde den første turneen sin i Australia og New Zealand i januar 1965 i lag med Manfred Mann og The Honeycombs. Etter ein kort stopp i Mumbai i India på veg til Australia, skreiv Davies songen «See My Friends». Han kom ut som singel i juli 1965 og var eit av dei første tydelege døma, i lag med The Beatles sin «Norwegian Wood», på blanding av vestleg og indisk musikk.

Den stilmessige endringa vart først tydlege seint i 1965, då singlar som «A Well Respected Man», «Dedicated Follower of Fashion» og det tredje albumet The Kink Kontroversy kom ut. Desse synte ei utvikling i låtskrivinga til Davies, frå harde rockesongar, til songar som var meir rike på samfunnskommentarar, observasjonar og s songwriting, from hard-driving rock numbers toward songs rich in social commentary, observation og skildring av forskjellige karakterar, alle med ein unik engelsk smak. Den satiriske singelen «Sunny Afternoon» var den største hitten i Storbritannia sommaren 1966, og toppa listene.

Før bandet gav ut The Kink Kontroversy, fekk Ray Davies eit nervesamanbrot på grunn av presset som turneane, låtskrivinga og pågåande rettslege stridar la på han. Han brukte fleire månader på å kome seg att, og skreiv fleire ny songar i denne tida medan han tenkte på kva retning bandet skulle ta. Quaife var òg borte frå bandet det meste av 1966 etter ei bilulukke. Då han var frisk att, valde han å trekke seg frå bandet, og venen John Dalton erstatta Quaife før han valde å kome tilbake til bandet mot slutten av året. Dette førte til meir stid, sidan Avory var meir vand med spelestilen til Dalton.

«Sunny Afternoon» bana veg for albumet Face to Face, som synte at Davies stadig utvikla seg på låtskrivarfronten med songar om kvardagsliv og folk. Ein av songane på albumet, «Session Man», vart skriven om den kjende studiomusikaren Nicky Hopkins, som ofte var med bandet i studio på tangentinstrument, mellotron og cembalo. Hopkins hadde først spelt med bandet på The Kinks Kontroversy året før. Han skulle òg spele på dei neste to studioalbuma og på fleire innspelingar for BBC med bandet, før han slo seg saman med The Jeff Beck Group i 1968.

Den store singelen og samfunnskommentaren «Dead End Street» vart gjeve ut samstundes med Face to Face, og vart ein ny stor hit i Storbritannia. Han gjorde det ikkje like bra i USA, der han berre nådde 73. plass på Billboard-lista.

«Gullalderen»: 1967–1972 mini|The Kinks opptrer på fjernsynsprogrammet Fanclub i 1967. I mai 1967 vendte The Kinks tilbake med «Waterloo Sunset», som nådde andreplassen i Storbritannia. Det var ein emosjonell singel om ein melankolsk person som spionerer på to kjærastar som møter kvarandre på Waterloo Bridge i London. Songane på albumet Something Else By The Kinks frå 1967 tok dei musikalske framstega enno eit hakk vidare frå Face to Face, og her fann ein til dømes songar påverka av engelsk varieté. Dave Davies skreiv ein stor hit med «Death of a Clown», skriven i lag med Ray og spelt inn av The Kinks, men gjeven ut som ein solosingel av Davies (men noko forvirrande òg gjeven ut på albumet Something Else).

Etter at Something Else ikkje oppnådde dei venta salstala, gav The Kinks raskt ut singelen «Autumn Almanac», som vart ein hit i Storbritannia. Den neste singelen, som kom våren 1968, «Wonderboy», nådde berre 36. plass og vart den første singelen deira i Storbritannia som ikkje nådde Topp 20 sidan dei første singlane deira.

Gjennom 1968 heldt Davies fram med å skrive personlege songar, samstundes som han kjempa mot kravet om å produsere fleire kommersielle hittar. Mot slutten av juni gav The Kinks ut singelen «Days», som nådde 12. plass i Storbritannia. Songen var òg på Topp 20 i fleire land i Europa, men nådde ikkje listene i USA. Singelen er òg den siste med den originale besetninga i bandet.

Det neste albumet deira kom hausten 1968 og vert i dag i stor grad rekna som eit meisterverk, men då The Kinks Are the Village Green Preservation Society kom ut selde det forholdsvis dårleg. Albumet er ei samling av tematiske vignettar som omhandlar bylivet, og bestod av songar skriven i løpet av dei to siste åra. Produksjonen var bevisst gjort enkel i kontrast til den ekstravagante stilen som gjerne var vanleg på denne tida, og albumet hadde heller ikkje ein populær singel. Sjølv om det ikkje selde bra, vart det godt teke i mot av musikkpressa, særleg i USA der The Kinks hadde starta å få status som eit kultband. Village Green vert i dag rekna som eit av dei beste rockeplatene frå den tida. Songen «Picture Book» frå albumet vart nytta i ein populær fjernsynsreklame for Hewlett-Packard i 2004.

Den originale bassisten Peter Quaife trekte seg frå bandet i mars 1969 for å danne sitt eige band, Mapleoak. Dette kom òg av lengre krangling mellom han og Ray Davies, og han var raskt erstatta av John Dalton. Same året fekk bandet igjen lov å turnere i Amerika. Konsertopplegget i Amerika hadde endra seg stort i løpet av dei fire åra Kinks var bannlyst, og dei måtte på mange måtar starte på nytt. Dei første konsertane deira vart haldne på små stader som Fillmore East. Det tok bandet fleire år og hardt arbeid før dei klarte å trekke større publikum til konsertane sine i USA.