Ďumbier er det høgaste fjellet i Låge Tatra, sentralt i Slovakia, med ei høgd på 2043 meter over havet. Trass i fleire gamle gruver frå mellomalderen (gull, jarn, antimon), er massivet i dag verna som ein del av Låge Tatra Nasjonalpark.

Den lett tilgjengelege toppen gjev eit flott utsyn mot Høge Tatra, Liptov og Hrondalen. Fjellhytta Chata M. R. Štefánika ligg nedanfor toppen på 1740 moh. Ďumbier, og det nærliggande fjellet Chopok, kan ein nå via stiar frå både nord (frå Demänovská dolina og Jánska dolina) eller frå sør (busstoppet Trangoška).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ďumbier» frå , den 3. april 2009. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fjell i Slovakia Kategori:Fjell i Karpatane