Sentrumsalliansen er eit norsk politisk parti som stiller til stortingsval for første gong ved valet i 2009. Partiet vart danna i Bergen i 2007 av utbrytarar frå Arbeidarpartiet, mellom anna den tidlegare nestleiar og medlem i Arbeidarpartiet i Bergen, Merete Andreassen og Salar Salih.bt.no - Varslere i nytt parti Dei sa den gongen at dei ønskte å fylla vakuumet som dei meinte eksisterte mellom Arbeidarpartiet og Høgre.regjeringa.no - Resultater for Bergen i Hordaland (Vist som "DSP") Partiet stilte til val i Bergen ved kommunevalet i 2007 under namnet Det sosialdemokratiske parti og fekk 537 røyster, som var 0,5 % av røystene i Bergen. Det vart dermed ikkje representert i bystyret.

Ved stortingsvalet i 2009 stiller partiet liste berre i Hordaland. Toppkandidaten er Salar Salih.bt.no - Optimister vil vinne sentrum Partiet seiar at deira fremste mål er å "fremme Hordaland og Vestlandets krav til rettferdig fordeling", og vidare at dei "inviterer veljarane med på ein regional politisk mobilisering for å komme forfordelinga av Austlandet til livs."

Referansar

Kategori:Norske politiske parti Kategori:Sentrumsparti Kategori:Skipingar i 2007