mini|Fugleøya
Fugleøya er ei lita øy på 6,86 hektar i Hrušovská zdrž i Slovakia. Ho ligg i Gabčíkovo-reservoaret, sørvest for Šamorín. Øya er kunstig og vart bygd i samband med Gabčíkovo-Nagymaros-dammane i Donau, då ein del skogområde vart lagt under vatn. Øya er ein del av eit føreslått verneområde for vassfuglar. Dei viktigaste fulgane som hekkar her er svartehavsmåse (Larus melanocephalus), som berre hekkar her i heile Slovakia, og raudstilk (Tringa totanus), som i Vest-Slovakia berre hekkar her. Området er forbode område for ålmenta i hekkesesongen og om vinteren.
Øya er 6,86 hektar stor og dekt av gras og noko skog. Kysten av øya er berglendt og vanskeleg tilgjengeleg. Donau ligg berre 700 meter unna.
Hekkande fuglar hettemåse svartehavsmåse makrellterne
Fuglar som overvintrar toppand taffeland tundragås
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bird Island, Slovakia, Šamorín» frå , den 5. april 2009.
Kategori:Øyar i Slovakia