mini|Kiek in de Kök i Tallinn Kiek in de Kök (norsk 'Ein kik inn på kjøkkenet') er eit namn brukt om fleire festningstårn i det nordlege Europa. Namnet er nedertysk og vart i mellomalderen teke i bruk fleire stader på konkrete festningstårn. Ein kunne frå desse høge byggverka så å seie kike inn på kjøkkena til borgarane i husa nedanfor.
Namneskikken er knytt til hanseatane og til krossfararordenar som Den tyske riddarordenen.
Fleire av desse tårna finst i dag, mellom andre: Kiek in de Kök i Gdansk Kiek in de Kök i Tallinn Kiek in de Köken i Magdeburg
Kategori:Tårn