«You Really Got Me» er ein rockesong skriven av Ray Davies og spelt av bandet hans The Kinks. Han vart gjeven ut som den tredje singelen til bandet i august 1964 og nådde førsteplassen i Storbritannia, der han låg i to veker. Han var gjennombrotshitten til bandet og gjorde dei til eit av dei fremste banda i den britiske bølgja i USA, der songen nådde sjuandeplassen. Songen vart seinare gjeven ut på debutalbumet til the Kinks, Kinks.
«You Really Got Me» er bygd opp omkring powerakkordarWalser, Robert (1993). Running with the Devil: Power, Gender and Madness in Heavy Metal Music, s.9. Wesleyan University Press. ISBN 0819562602. og påverka tungt andre rockeartistar, særleg innan heavy metal-sjangeren. Ein kritikar skreiv at «dette er songen som fann opp heavy metal», medan kritikar Denise Sullivan i Allmusic skriv «'You Really Got Me' er ein blåkopi for songar innan hardrock og heavy metal.»Omtale av «You Really Got Me», Denise Sullivan, Allmusic, All Music.com
Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 82. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene og på fjerde plass på lista over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene. Tidleg i 2005 vart songen stemd fram som den beste britiske songen i perioden 1955–1965 på BBC radio. I mars 2005 plasserte musikkmagasinet Q songen på niandeplass på si liste over dei 100 beste gitarsongane.http://www.ultimate-guitar.com/news/general_music_news/greatest_guitar_tracks.html I 2009 vart songen av VH1 plassert på 57. plass på lista deira over dei beste hardrocksongane gjennom tidene.
Historie Songen vart spelt inn av The Kinks i fleire stilartar sommaren 1964 før dei kom fram til den endelege utgåva. Bandet var under stort press frå plateselskapet Pye som ønskte ein stor hit, etter at dei to førre singlane ikkje hadde nådd salslistene. Ray Davies tvinga managerane og plateselskapet til å la dei få tid og pengar til å utvikle den særeigne stilen. Som låtskrivar av gjennombrotshitten, plasserte dette Davies som leiar og hovudlåtskrivar i the Kinks.
Den viktige forvrengde gitarlyden vart laga etter at gitarist Dave Davies skar hol i høytalarkonusen på gitarforsterkaren sin. Forsterkaren vart kalla «den vesle grøne» etter namnet på ein forsterkar laga av Elpico.
Gitarsoloen på innspelinga har vore mykje omstridd, og det finst ei myte om at det ikkje var Dave Davies som spelte gitaristen, men dåverande studiomusikar Jimmy Page. Soloen vart utan tvil spelt av Dave Davies (då 17 år gammal) sidan nesten alle som var involvert i innspelinga i juli 1964 har hevda dette. Soloen er ein viktig del av songen, men er i hovudsak ein raskare utgåve av gitarsoloen Davies spelte på «Louie Louie», og var verken spesielt teknisk godt utført eller nyskapande, som dei tre akkordane i introduksjonen var. Denne slurvete måten å spele på har vore ei stor inspirasjonskjelde for punkrock. Page var faktisk hyrt inn som studiomusikar på debutalbumet til The Kinks av produsent Shel Talmy, men Page sjølv har alltid nekta for at han spelte på «You Really Got Me», som vart spelt inn ei stund før resten av debutalbumet. Rockehistorikar og forfattar Doug Hinman har skrive at ryktet starta i det etablerte britiske rhythm and blues-miljøet, der mange var tvilande til at eit så ferskt band av tenåringar som the Kinks kunne produsere ein så mektig og viktig bluesbasert song, tilsynelatande ut av ingenting.Doug Hinman – You Really Got Me, An Illustrated World Discography of the Kinks, 1964-1993 (1994) ISBN 0-9641005-0-9
Fleire studiomusikarar spelte likevel på «You Really Got Me». Pianoet vart anten spelt av Jon Lord, seinare i Deep PurpleJon Lord - Pictured Within www.picturedwithin.com eller Arthur GreensladeRay Davies intervju med Creem www.creemmagazine.com Trommene vart spelt av Bobby Graham og ikkje den faste Kinks-trommisen Mick Avory. Graham spelte seinare trommer på fleire av dei tidlege innspelingane til Kinks. Både Jon Lord og Shel Talmy har hevda at Jimmy Page spelte på «You Really Got Me», i følgje Talmy på rytmegitar.Intervju med Shel Talmy, Richie Unterberger, richieunterberger.com
I følgje Ray Davies kom dei fram til det karakteristiske gitarriffet medan dei arbeidde med akkordane til The Kingsmen sin «Louie Louie». The Kinks nytta den same forvrengd gitarlyden på songar som «All Day and All of the Night», «Tired of Waiting for You», og «Set Me Free». Pete Townshend frå The Who har fortalt at den første singelen til The Who, «I Can’t Explain», med vilje vart gjort liknande The Kinks sine songar på denne tida. The Who var òg produsert av Shel Talmy.
Salslister
Vekeslister Liste (1964–1965)PlasseringKanadiske RPM Top Singles4Irish Singles Chart6UK (Official Charts Company)1US Billboard Hot 1007
Årslister Liste (1964)PlasseringUS Billboard Year-End78
Andre utgåver «You Really Got Me» er spelt av mange band sidan. Van Halen si utgåve frå 1978 vart mykje spelt på radio og vart ein mindre hit. Eit utval andre artistar er 801, London Symphony Orchestra, Mott the Hoople, Jimmy Page, Robert Palmer, Iggy Pop, Skid Row, Sly & the Family Stone, The Small Faces, The Stooges og 13th Floor Elevators.
Norske utgåver Øystein Sunde skreiv ein norsk tekst til songen kalla «Nå har'u fått meg». Denne kom ut på albumet Overbuljongterningpakkmesterassistent i 1986. Denne vart sidan òg spelt inn av Bjelleklang på albumet Menn, menn, menn i 2009.
Ein annan norsk tekst vart skriven av Helge Grønhaug og spelt inn av De musikalske dvergene og Frode Alnæs med namnet «Du får meg på gli» på albumet Veldig Respektable Menn - Sanger av Ray Davies og The Kinks i 2006.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «You Really Got Me» frå , den 9. april 2009. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Kinks-songar Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Singlar frå 2006 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Shel Talmy 080 Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i New Zealand Kategori:Van Halen-songar Kategori:Pye Records-singlar Kategori:Songar produserte av Ted Templeman Kategori:Reprise Records-singlar Kategori:Debutsinglar frå 1964 Kategori:Arista Records-singlar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Songar om seksualitet Kategori:Mott the Hoople-songar Kategori:Skid Row-songar Kategori:801-songar Kategori:Robert Palmer-songar Kategori:Sly & The Family Stone-songar Kategori:Paul Revere & the Raiders-songar Kategori:The 13th Floor Elevators-songar Kategori:Television Personalities-songar Kategori:Iggy Pop-songar Kategori:Ray Davies-songar Kategori:Derringer-songar Kategori:Alvin and the Chipmunks-songar Kategori:Olsen Brothers-songar Kategori:Al Caiola-songar Kategori:The Knickerbockers-songar