Nesheim kyrkje står på Nesheim i øvre delen av Eksingadalen i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1908. Ho er reist etter teikningar av arkitekt Adolf Schirmer. Kyrkja er bygd i tre og har sitjeplassar til 120 personar. Ho er den fyrste kyrkja på staden og vart bygd i nærleiken av ein eldre hjelpekyrkjegard. Ein veit ikkje sikkert når gamlekyrkjegarden vart oppretta, men det kan ha vore på byrjinga av 1800-talet.
Nesheim kyrkje er soknekyrkje i Nesheim sokn i Hardanger og Voss prosti. Området høyrde til Evanger prestegjeld til 1968, då vart det overført til det nyoppretta Vaksdal prestegjeld. Prestegjelda vart fasa ut frå Den norske kyrkja frå 2004.
Kjelder Norges Kirker: «Nesheim kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Nesheim sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Vaksdal kommune på nettstaden disnorge.no
Kategori:Kyrkjer i Vaksdal Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1908 Kategori:Kulturminne i Vaksdal