Bolstadøyri bedehuskapell står på Bolstadøyri inst i Bolstadfjorden i Voss herad i Vestland, og vart innvigd som bedehus i 1889. Huset vart vigsla som kapell i 1926.

Kapellet er bygd i tre og vart påbygd i 1922 og 1960. Det er eigd av Bolstadøyri Indremisjon, medan den praktiske administrasjonen av kapellet ligg under kyrkjeverja i Voss kommune.

Gravplass Grunna dei ofte vanskelege forhalda for ferdsle på Evangervatnet vinterstid, var det trong for gravstad vestom vatnet for dei som sokna til Evanger kyrkje, og det vart opparbeidd gravstad i Teigen på Bolstadøyri i 1864. Denne gravplassen var i bruk fram til 1924. Då var det opparbeidd ny gravplass kring bedehuset, og det er den som framleis vert bruka. Gravplassen ligg kring kapellet på på aust-, vest- og nordsida.

Kjelder Anne Marta Hoff: Bolstadøyri bedehus i «Norges kirker»

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Voss kyrkjelege fellesråd om Bolstadøyri bedehus «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Voss kommune på nettstaden disnorge.no

Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Voss Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1880-åra Kategori:Bedehuskapell i Vestland