mini|Minnesmerke over dei myrda jødane i Europa i Berlin mini|Minnesmerket Sverd i fjell til minne om slaget i Hafrsfjord som samla Noreg til eitt rike. mini|Minnesmerke på akademiet for bengalisk språk Dhaka i Bangladesh for å minnast kampen om å få bengali som riksspråk, og dei studentane som i februar 1952 vart drepne i denne språkkampen Eit minnesmerke er ein tilverka gjenstand som er varig plassert i det offentlege rommet for å minne om ein person eller ei hending.
Eit minnesmerke i form av ein bauta eller ei steinstøtte blir også kalla ein minnestein. Eit minnesmerke i form av ei tavle blir også kalla ei minnetavle.
Minnesmerke kan finnast i former som standardiserte skilt, tavler av stein eller bronse på veggar eller murar, som bilethoggarverk i form av relieff, byster eller frittstående statuer i alle stilartar og varige material, eller som byggverk, så som gravhaugar, pyramidar eller mausoleum og anna.
Sjå også Gravminne Monument Verdsarv Kulturminnevern
kategori:minne