Dravinja er den største sideelva til Drava i Slovenia. Kjelda hennar ligg i Pohorjemassivet sørvest for fjellet Rogla, om lag 1200 meter over havet. Elva renn gjennom byane Zreče, Slovenske Konjice, Poljčane, Makole og Majšperk til Videm, der ho munnar ut i Drava. Den største sideelva hennar er Polskava.
Dravinja er den best bevarte låglandselva i Slovenia og har vorte verna som ein del av det europeiske nettverket Natura 2000. I tillegg ligg Pečnikmølla ved elva, som er erklært eit etnologisk monument.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dravinja» frå , den 17. april 2009.
Kategori:Elvar i Slovenia