Ljubljanica er ei elv i Slovenia. Ho er 51 km lang og 20 km av ho renn gjennom grotter, slik at elva har sju forskjellige namn. Elva renn gjennom hovudstaden i Slovenia, Ljubljana. Ljubljanica er ei av sideelvane til Sava og dei to renn saman om lag 10 km nedanfor Ljubljana.
Historie mini|Bygningar ved breidda av Ljubljanica Ljubljanica har vorte ein populær stad for arkeologar og skattejegerar som dykkar etter tapte gjenstandar. Mellom Ljubljana og Vrhnika har ein funne spor frå steinalderen til renessansen og fleire forskjellige folkegrupper som gamle lokale kulturar til dei meir kjende romarane og keltarane.
Kvifor det vart kasta så mykje i Ljubljanica er omstridd, men dei fleste historikarar meiner at elva kan ha vore ein lokal heilag stad. Mykje av det som skattejegerane har funne er seld til private samlarar, noko som har ført til strid mellom dei internasjonale skattejegerane og dei lokale historikarane. I 2003 innførte derfor dei slovenske styresmaktene forbod om å dykke i elva utan særskild løyve.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ljubljanica» frå , den 19. april 2009. oppgav desse kjeldene: Kaufmann, Carol (Jan 2007). «A River's Gifts». National Geographic. 150-157.
Bakgrunnsstoff http://expo98.literal.si/eng/zakladi/vode-slovenije/ljubljanica.html http://www7.nationalgeographic.com/ngm/0701/feature6/index.html
Kategori:Elvar i Slovenia Kategori:Sava Kategori:Ljubljana