Karavankane (tysk Karawanken, slovensk Karavanke) er ei fjellkjede på grensa mellom Slovenia og Austerrike. Fjellkjeda er 120 km lang og er den lengste enkeltståande fjellkjeda i Europa.
I lag med Kamnik-Alpane dannar Karavankane ei naturleg grense mellom Austerrike og Slovenia. Fleire fjellovergangar fungerre som viktige handelsruter over fjella. Ein av dei, Loiblpasset på 1370 meter over havet, har vore nytta sidan førhistorisk tid. I dag er det bygd tunnellar for både veg og jernbane under Karavankane mellom Beljak/Villach og Jesenice.
Karavankane har mange gode høve for fjellklatring og det ligg mange fjellhytter her. Frå mange av toppane er det flott utsyn over Klagenfurt-området i Austerrike og Ljubljana-området i Slovenia. Den austerrikske sida er berglendt og bratt, medan den slovenske sida er mindre bratt og dekt av granskog og låge furubuskar i dei lågare liggande områda.
Største fjelltoppar Hochstuhl / Veliki Stol: 2236 moh Mittagskogel / Kepa: 2143 moh Petzen / Peca: 2113 moh Golica / Kahlkogel: 1836 moh Vrtača: 2180 moh Košuta: 2133 moh Veliki vrh v Košuti: 2088 moh Begunjščica: 2063 moh Košutica: 1968 moh Dovška Baba: 1892 moh Klek 1754 moh
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Karawanken» frå , den 20. april 2009.
Bakgrunnsstoff
Karavankane på Summitpost
Kategori:Fjellkjeder i Austerrike Kategori:Fjellkjeder i Alpane Kategori:Fjellkjeder i Slovenia