mini|Alexandre Alekhine
Alexandre AlekhineAlexandre Alekhine er den franske forma av russisk Александр Александрович Алéхин, Aleksandr Aleksandrovitsj Alekhin. () var ein russisk og fransk sjakkspelar, den fjerde verdsmeisteren i sjakk frå 1927 til 1935 og frå 1937 til han døydde i Estoril i Portugal i 1946.
Unge år og tidleg karriere Alekhine vart fødd i ei velståande familie i Moskva. Faren var godseigar, mora var dottera til ein rik industriherre. Han lærte å spele sjakk av mora, den eldre broren Alexei og systera. 10 år gammal deltok han i postsjakk-turneringar, og frå 1907 begynte han å delta i vanlege sjakkturneringar. Han deltok deretter i mange turneringar, med etter kvart gode resultat, og hadde som 16-åring etablert seg som ein av Russland sine beste spelarar. I 1911 flytta han til St. Petersburg for å studere jus. I januar 1914 vann han si første større russiske turnering, delt med Aaron Nimzowitsch, den all-russiske meisterturneringa i St. Petersburg.
I april-mai 1914 vart det arrangert ei ny stor sjakkturnering i St. Petersburg. Verdsmeisteren Emanuel Lasker vann turneringa , med den neste verdsmeisteren José Raúl Capablanca på andreplass, men på tredjeplass i finalen kom Alekhine, framom Siegbert Tarrasch og Frank Marshall.
I juli-august 1914 var det turnering i Mannheim i Tyskland, den 19. tyske sjakkongressen. Etter 11 rundar leia Alekhine turneringa, med 9 sigrar, ein remis og eit tap. Då braut den første verdskrigen ut, og etter at Tyskland hadde erklært krig mot Russland vart turneringa avbroten, og dei 11 russiske spelarane vart internerte, mellom dei Alekhine. 4 av spelarane fekk dra heim i september 1914, dei andre vart sitjande internert til dels heile krigen. Alekhine prøvde å hjelpe dei som sat internerte, og skaffa pengar mellom anna ved å gje simultan-oppvisingar. Alekhine heldt fram med å spele sjakk dei neste åra, men var også i Raudekrossen ved den østerrikske fronten i mai 1916. Hausten 1917 kom Oktoberrevolusjonen. Alekhine var frå overklassa, og vart i juni 1918 arrestert av Tsjekaen i Odessa og sett på dødscelle, mistenkt for å vere spion for dei kvite, men vart snart slept fri.
1920-1927 Då tilhøva roa seg i Russland, viste Alekhine snart at han var blant dei beste spelarane i landet. Han vann Moskva-meisterskapen i januar 1920 med 11/11. Og i oktober 1920 vann han den All-Russiske meisterskapen i Moskva med +9 =6 -0. Denne turneringa vart seinare definert som den første Sovjetmeisterskapen i sjakk.
Tidleg i 1920 gifta Alekhine seg med den russiske baronessa Anna von Sergewin, som var fleire år eldre enn han. Formålet var å gjere den sju år gamle dottera Valentina ektefødd. Ei kort tid i 1920–1921 arbeidde han som omsetjar for Den kommunistiske internasjonalen (Komintern), og han vart utnemnd som sekretær i Utdanningavdelinga. Han møtte då den sveitsiske journalisten og Komintern-delegaten Anneliese Rüegg, som var tretten år eldre enn han, og dei gifta seg den 15. mars 1921. Like etter fekk Alekhine løyve til å dra frå landet saman med kona, for eit besøk i vesten. Alekhine kom aldri seinare tilbake til Russland. I juni 1921 forlét han Annaliese Rüegg i Paris, og drog til Berlin.
Frå 1921 til 1927 klarte Alekhine å vinne - åleine eller delt - om lag 2/3-delar av dei mange turneringane han deltok i. Dei "minst suksessfulle" turneringane var ein delt tredjeplass i Wien 1922 etter Akiba Rubinstein og Richard Réti; og terdjeplass i turneringa i New York 1924 etter tidlegare verdsmeister Emanuel Lasker og dåverande verdsmeister José Raúl Capablanca, men framom Frank James Marshall, Richard Réti, Géza Maróczy, Efim Bogoljubov, Savielly Tartakower, Frederick Yates, Edward Lasker og David Janowski.
Alekhine sitt fremste mål desse åra var å få arrangert og vinne ein kamp om VM-tittelen mot verdsmeisteren Capablanca. Han gav uttrykk for at det vanskelegaste problemet ikkje var Capablanca sitt spel, men kravet etter «London-reglane» om at utfordraren måtte stille ein premiesum på US dollar 10.000, i noverande pengeverdi om lag kr 2.800.000, der den forsvarande meisteren skulle motta meir enn halvparten sjølv om han tapte. Alekhine utfordra Capablanca i 1921, som også Akiba Rubinstein og Aaron Nimzowitsch gjorde i 1923, men ingen av desse var i stand til å stille med dei nødvendige $10,000.
For å skaffe pengar drog Alekhine mellom anna på turne, der han hadde simultan-oppvisingar kveld etter kveld for beskjedne honorar. I New York den 27. april 1924 sette han ny verdsrekord i blindsjakk-simultan, med 26 motstandarar. Han vann seksten parti, tapte 5 og spelte 5 remis etter 12 timar spel. Han slo sin eigen rekord 1. februar 1925 i Paris med 28 motstandarar blindt samtidig, med 22 sigrar, 3 remisar og 3 tap.
I 1925 vart han fransk statsborgar. Han begynte også på juridisk fakultet ved Sorbonne. Det er ikkje bekrefta at han avslutta studia der, men han var kjend som «dr. Alekhine» på 1930-talet.
I oktober 1926 vann han ei turnering i Buenos Aires, og frå desember 1926 til januar 1927 vann han ein tvekamp mot Max Euwe 5½–4½. I 1927 gifte han seg med si tredje kone, Nadiezda Vasiliev (née Fabritzky) (Nadejda Fabritzky, Nadezhda Vasilieff), enda ei eldre kvinne, enka til den russiske generalen V. Vasiliev (Vassilieff).
Verdsmeistertittelen I 1927 vart Alekhine si utfordring til Capablanca støtta av ei gruppe argentinske forretningsmenn og presidenten i Argentina, som garanterte pengepremiane, og som organiserte VM-kampen i Buenos Aires.
Det vart ein hardt kjempa og lang tvekamp, der reglane var førstemann til 6 vinstar. Då Alekhine etter kvart vann sin 6. siger mot Capablanca sine då 3 sigrar, i det 34 partiet, 25 remisar, hadde Alekhine slått den «uovervinnelege» Capablanca.chessgames.com si side om VM 1927 Resultatet overraska sjakkverda, mellom anna fordi Alekhine aldri før hadde vunne eit sjakkparti mot Capablanca, og fordi Capablanca desse åra nesten ikkje tapte noko sjakkparti.
Årsaka til sigeren var nok gode førebuingar frå Alekhine si side, der han tilpassa spelestilen sin til å passe til Capablanca sin stil. Han gjekk sjeldan til angrep, og berre når han var sikker på at han hadde fordel. Capablanca vann ingen enkle parti i tvikampen og var kanskje for sjølvsikker på førehand - og det var kanskje første gongen Capablanca møtte verkeleg hard motstand.
Åra 1927-1935 Straks etter sigeren kunngjorde Alekhine at han kravde same vilkår for ein omkamp som Capablanca hadde kravd for VM-kampen, US dollar 10.000, der meir enn halvparten uansett resultat skulle gå til den forsvarande verdsmeisteren. Forhandlingane om ein omkamp heldt fram i årevis, utan å bli noko av. Forholdet mellom dei to vart etter kvart nokså bittert.
Etter VM-kampen drog Alekhine tilbake til Paris. Han uttalte seg der negativt om bolsjevismen. Dette førte til at Nikolai Krylenko, president i det sovjetiske sjakkforbundet, i eit offisielt dokument erklærte at Alekhine skulle sjåast på som ein fiende av Sovjetunionen. Det sovjetiske sjakkforbundet braut all kontakt med Alekhine fram til slutten av 1930-talet. Den eldre broren Alexei Alekhine, som hadde stått Alexander Alekhine svært nær, tok offentleg avstand frå Alexander Alekhine og dei anti-sovjetiske uttalane, men han hadde nok ikkje noko val slik situasjonen var i Sovjetunionen då. Alexei Alekhine vart drepen i august 1939.
Etter sigeren mot Capablanca så dominerte Alekhine sjakkverda til midten av 1930-talet. Dei mest berømnte sigrane i sjakkturneringar kom i San Remo 1930, der han utan tap kom 3,5 poeng framom Aron Nimzowitsch og Bled 1931, der han utan tap kom 5,5 poeng framom Efim Bogoljubow. Han vann dei fleste andre turneringane åleine, delte førsteplassen i to, og den første turneringa han kom lenger ned var Hastings 1933–34 med delt andreplass, ½ poeng etter Salo Flohr. Han tapte berre 7 av 238 turneringsparti i perioden 1927–1935.
Sjølv om Alekhine aldri vart einige om vilkåra for ein VM-kamp mot Capablanca, så spelte han to VM-kampar mot Efim Bogoljubow, ein offisiell «Verdssjakkforbund-utfordrar», i 1929 og 1934. Alekhine vann begge kampane greit.
Den første vart halden i Wiesbaden, Heidelberg, Berlin, den Haag og Amsterdam frå september til november 1929, og Alekhine vann med 11 sigrar, 9 remisar og 5 tap.chessgames.com si side om VM 1929
Frå april til juni 1934 var det ny VM-kamp, denne gongen i 12 tyske byar. Alekhine vann med +8 -3 =15.chessgames.com si side om VM 1934
Mellom 1930 og 1935 spelte Alekhine første bord for Frankrike i fire sjakkolympiader. Han vann første skjønnheitspris i Hamburg i 1930; gullmedalje for resultatet på første bord i Praha i 1931 og Folkestone i 1933; og sølvmedalje for første bord i Warszawa i 1935. Tapet mot den latviske meisteren Hermanis Matisons i Praha i 1931 var det første tapet til Alekhine i ei seriøs sjakkonkurranse sidan han vann VM-tittelen i 1927.
Tidleg på 1930-talet reiste Alekhine verda rundt og gav simultanoppvisingar, mellom anna i Hawaii, Tokyo, Manila og Singapore, Shanghai, Hong Kong, og det som då vart kalla Det nederlandske Austindia, no Indonesia.
I juli 1933 spelte Alekhine mot 32 motstandarar blindt samtidig, i Chicago, der han vann 19, spelte 9 remis og tapte 4, ny verdsrekord i blindsimultan i sjakk. Donaldson 1992, p.35
I 1934 gifta Alekhine seg med si fjerde kone, Grace Freeman (fødd Wishard). Ho var 16 år eldre enn han. Ho var den amerikanskfødde enka til ein britisk eigar av te-plantasjar på Ceylon. Grace Alekhine beheldt sitt britiske statsborgarskap så lenge ho levde, og var gift med Alekhine til han døydde.
Tap av VM-tittelen 1935-1937 I 1933 utfordra Alekhine Max Euwe til ein VM-kamp. Euwe var tidleg på 1930-talet rekna som ein av tre verdige utfordrarar til VM-tittelen. Dei to andre var Capablanca og Salo Flohr.
VM-kampen 1935 3. oktober 1935 begynte VM-kampen i Zandvoort i Nederland. Alekhine tok tidleg leiinga, men Euwe kom tilbake, og frå det 13. partiet vann Euwe dobbelt så mange parti som Alekhine. Utfordraren vart verdsmeister i sjakk 15. desember 1935 med 9 sigrar, 13 remisar og 8 tap.Chessgames.com si side om VM 1935
Dette var den første VM-kampen som hadde offisielle sekundantar: Alekhine hadde Salo Landau og Euwe hadde Geza Maroczy.
Euwe sin siger var ei stor overrasking, og det har blitt hevda at mykje av årsaka låg i Alekhine sine alkoholproblem. Salo Flohr, som også bisto Euwe i tvekampen, har gitt uttrykk for at Alekhine var for sjølvsikker, og at dette var ei større årsak til Alekhine sine problem enn alkohol. Alekhine hadde også sagt før tvikampen at han ville vinne denne lett.Münninghoff 2001 Seinare verdsmeistrar i sjakk, Vassilij Smyslov, Boris Spasskij, Anatolij Karpov og Garri Kasparov har alle analysert partia i VM-kampen for eige formål, og har gitt uttrykk for at Euwe fortente å vinne, og at kvaliteten på spelet var ein VM-kamp verdig.
Blanda turneringsresultat 1936-1937 I dei 18 månadane som gjekk etter at Alekhine tapte tittelen så spelte han i 10 turneringar, med blanda resultat: Delt førsteplass med Paul Keres i Bad Nauheim i mai 1936; førsteplass i Dresden i juni 1936; andreplass etter Salo Flohr i Poděbrady i juli 1936; sjetteplass, etter Capablanca, Mikhail Botvinnik, Reuben Fine, Samuel Reshevsky og Euwe i Nottingham i august 1936; tredjeplass etter Euwe og Fine i Amsterdam i oktober 1936; delt førsteplass med Salo Landau i Amsterdam (Quadrangular), også i oktober 1936; i 1936/37 vann han Hastings framom Fine og Erich Eliskases; førseplass i Nice (Quadrangular) i mars 1937; tredjeplass etter Keres og Fine i Margate i april 1937; delt fjerdeplass med Keres, etter Flohr, Reshevsky og Vladimirs Petrovs i Kemeri i juni-juli 1937; delt andreplass med Bogoljubow, etter Euwe, i Bad Nauheim (Quadrangular) i juli 1937.
Verdsmeister på nytt frå 1937
VM-kampen mot Euwe 1937