thumb|M/F «Ølen» i rute Sunde–Ranavik–Leirvik på 1980-talet. Skånevik-Matre-Utåker er eit ferjesamband på fylkesveg 48 mellom kommunane Etne og Kvinnherad. Strekninga vert betjent av Norled med ferja MF «Kvinnherad». Overfarten frå Skånevik til Utåker direkte tar om lag 20 minutt og ved anløp via Matre 40 minuttar.

Historie Den «bilførande» lokalruta Utåker - Skånevik - Kyrping - Fjæra vart ført av fleire lokalrutebåtar frå 1920-åra og framover til andre verdskrigen. MK «Kinsarvik» gjekk i denne ruta frå 1933 til 1952, utanom i krigsåra, dei siste åra i ruta Skånevik-Matre-Utåker.

Den første ferja som trafikkerte ruta var MF «Osafjord» frå 1962 til 1965.

Båtar og ferjer i ruta MK «Jøsenfjord»: Sommaren 1928 og 1929 (innleigd av HSD) DS «Jøsenfjord»: 1932-1933 (innleigd av HSD) MS «Tysnes»: 1930 - DS «Tyssedal»: 1938 - 1939 MK «Kinsarvik»: 1933 - 1952 MS «Kvikk III»: 1949 (innleigd) MF «Osafjord»: 1962 - 1965 MF «Fusa»: ? - ? MF «Skånevik»: ? - ? , og mars 1999 til juni 2000 MF «Huglo»: 1967 - 1968 MF «Rosendal»: 1969 - (1972) MF «Kvarven»: 1972 (sommarrute) MF «Fitjar»: ? - desember 2010 MF «Ølen»: 2011 MF «Kvinnherad»: Januar 2012

Kjelder Fjordfähren - Ferjestadar i Hordaland (tysk)

Kategori:Fylkesveg 48 Kategori:Samferdsle i Etne Kategori:Samferdsle i Kvinnherad Kategori:Ferjesamband i Vestland Kategori:HSD-samband Kategori:Tide-samband Kategori:Norled-samband