Percy er eit filmmusikkalbum frå 1971 av det engelske rockebandet The Kinks for den britiske kommedien med same namn. Songane vart skrivne av Ray Davies og inkluderte både standard popsongar og instrumentale nummer. Albumet vart det siste dei gav ut på Pye Records, og enda med det ein sju år lang kontrakt. Albumet vart ikkje gjeve ut i USA og var berre tilgjengeleg der i mange år via import.

Percy vart ikkje godt motteke og har heller aldri vorte rekna som ein del av albumkatalogen av bandet sjølv.

«God's Children» vart gjeven ut som singel i april 1971 (den aller siste utgjevinga på Pye medan dei framleis var under kontrakt). I motsetnad til albumet vart singelen gjeven ut i USA i juli, men nådde ikkje salslistene verken der eller i heimlandet. Han vart derimot ein liten hit i Australia (53. plass) og New Zealand (21. plass).

Innhald

Luksusutgåva frå 2014 av Percy er den andre plata av Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One. Denne utgåva vart saman kalla Lola versus Powerman and the Moneygoround & 'Percy'.

Medverkande Ray Davies - vokal, akustisk gitar, munnspel Dave Davies - 6- og 12-strengs elektrisk gitar, vokal John Dalton - bass, korvokal, solovokal på «Willesden Green» John Gosling - klaverinstrument Mick Avory - trommer Ytterlegare arrangement av Stanley Myers

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Percy (soundtrack)» frå , den 2. mai 2009.

Kategori:The Kinks-album Kategori:Filmmusikkalbum frå 1971 Kategori:Pye Records-album Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios