MF «Fedjefjord» er ei ferje som vart bygd i 2001 i Bilbao i Spania for Bergen Nordhordland Rutelag. MF «Fedjefjord» vart sett inn i ferjesambandet Fedje-Sævrøy i mars/april 2002. Etter levering fann ein ut at innseglingsleia ved øya Fedje var for smal for nyeferja. Det var berre forsvarleg å trafikkere ferja under gode forhold med lite vind, før leia vart utbetra. Dette arbeidet vart gjort i oktober 2004. MF «Fedjebjørn» tok over denne strekninga i mai 2020.

Skipet mini|venstre|MF «Fedjefjord» ved Sævrøyna. mini|venstre|MF «Fedjefjord» til kai på Fedje.

MF «Fedjefjord» var byggnummer 496 ved det spanske verftet Astilleros Zamaccona i Bilbao. Ved overlevering var tonnasjen 2 332 bruttoregistertonn, 1 088 nettoregistertonn, og lasteevna var 3 858 dødvekttonn. Hovudmaskinen er to dieselmotor. Oppgitt yting er 2 136 kW.

Grunnstøyting i 2019 I desember 2019 grunnstøtte «Fedjefjord» kort tid etter avgang frå Sævrøy kai. Det blei meldt om vassinntrenging i forskroget, men det var ikkje fare for at ferja skulle gå ned. Det blei heller ikkje meld om personskader. Årsaken til grunnstøytinga var sterk vind.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske ferjer Kategori:BNR-eigde fartøy Kategori:HSD-eigde fartøy Kategori:Tide-eigde fartøy Kategori:Skip frå 2001