Estland, offisielt Republikken Estland, er eit land i den baltiske delen av Nord-Europa. Det grensar til Finland i nord, skilt av Finskebukta, i vest til Sverige, skilt av Austersjøen, i sør til Latvia (343 km) og i aust til Russland (338,6 km).«Estonian Republic» – portal til Estland Landet dekkjer eit område på 45 227 km² og har eit temperert klima.
Estarane er i nær slekt med finnane, og estisk språk har mange likskapar med finsk. Det moderne namnet på Estland kjem truleg frå den romerske historikaren Tacitus, som i boka Germania (frå om lag 98 e.Kr.) skildra eit folkeslag han kalla Aestii og Aestiorum gentes. På same måten viser gamle skandinaviske soger til eit land som heiter Eistland. Tidlege latinske og namn på området var Estia og Hestia.
Estland er ein demokratisk parlamentarisk republikk og er delt inn i 15 fylke. Hovudstaden og den største byen er Tallinn. Med eit folketal på berre 1,4 millionar, er det eit av dei minst folkesette EU-medlemslanda. Estland har vore medlem av Folkeforbundet sidan 22. september 1921,«The Law of Nations: cases, documents and notes», s. 106. av SN sidan 17. september 1991,Den estiske datoen for starten på SN-medlemskapet av Den europeiske unionen sidan 1. mai 2004Den estiske datoen for starten på EU-medlemskapet. og av NATO sidan 29. mars 2004.Den estiske datoen for starten på NATO-medlemskapet. Landet har også signert Kyoto-protokollen.
Busetjinga på det området som i dag er Estland, byrja rundt 8500 f.Kr., rett etter den siste istida. Gjennom hundreåra har estarane vore under Danmark, Den tyske riddarordenen, Sverige, Russland, Sovjetunionen og Nazi-Tyskland. Landet hadde den fyrste sjølvstendeperioden sin frå 1918–1940, etter Den russisk-estiske Tartu-traktaten, der Russland godkjende estisk sjølvstende. Under den andre verdskrigen vart Estland fyrst annektert og okkupert av SovjetunionenU.S.-Baltic Relations: Celebrating 85 Years of Friendship på state.gov«Motion for a resolution on the Situation in Estonia» av EU og deretter av Nazi-Tyskland, før det igjen vart okkupert av Sovjetuionen i 1944.
Estland vart sjølvstendig 20. august 1991. Sidan det har landet sett i gang eit effektivt program for sosial og økonomisk utvikling. I dag får landet anerkjenning for at det har ein av dei raskast veksande økonomiane i verda, stor økonomisk fridom og for at estarane er flinke til å ta i bruk ny teknologi.BBC NEWS Europe: «Tiny Estonia leads internet revolution»
Geografi
Topografi mini|venstre|Elva Tänassilma i fylket Viljandimaa. Estland ligg på austkysten Austersjøen med Finskebukta i nord, Russland i aust og Latvia sør, og mellom 57.3° og 59.5° N og 21.5° og 28.1° A. Landet er flatt, og gjennomsnittshøgda over havet er berre 50 meter. Det høgaste punktet i landet er Suur Munamägi i søraust på 318 meter.
Estland har over 1 400 innsjøar. Dei fleste av dei er svært små, men den største av dei, Peipus (Peipsi på estisk), har ei flatevidd på 3 555 km² og er dimed ein av dei største i Europa. Det er også mange elvar i landet. Dei lengste er Võhandu (162 km), Pärnu (144 km) og Põltsamaa (135 km). Estland har også store myrområde og ei kystline på 3 794 kilometer med mange bukter, sund og vikar. Talet på øyar og holmar som høyrer til Estland er om lag 1 500, og to av desse er så store at dei utgjer eigne fylke: Saaremaa og Hiiumaa.
Oljeskifer (eller kukersite) og kalkstein, i lag med skogområda som dekkjer 47 % av landet, spelar ei viktig økonomisk rolle i Estland, som elles har få naturressursar.
Klima Estland ligg i den tempererte klimasonen og i eit overgangsområde mellom maritimt og kontinentalt klima. Austersjøen medverkar i stor grad til dette, og fører til kjølig og fuktig vêr året rundt, og vintertemperaturane er relativt milde samanlikna med andre område på same breiddegraden. Dei nordlege kystområda kan derimot få kraftig vind innimellom som gjev ganske så sure tilhøve, i tillegg til den kalde austavinden frå Russland. Klimaet er elles ikkje ulikt det ein finn i Skandinavia.
Lett snøfall er vanleg over heile landet om vinteren, men smelteperiodar som kjem med jamne mellomrom hindrar snødekket i å verte for djupt. Snøen kjem vanlegvis i midten av desember og varer til seint i mars. Om sumaren har ein regn og regnskurer om lag kvar andre eller tredje dag. Årsgjennomsnittstemperaturen i Estland er på 5,2 °C.EMHI Gjennommsnittstemperaturen i februar, den kaldaste månaden i året, er -5,7 °C, medan han i juli, som vert rekna som den varmaste månaden, er 16,4 °C. Mai og juni er den turraste tida på året. Hovudstaden Tallinn har ein normal årsnedbør på 585 mm.
Plante- og dyreliv mini|Rådyr – det vanlegaste klauvdyret i Estland. Plantegeografisk ligg Estland mellom den sentraleuropeiske og den austeuropeiske inndelinga. Ifølgje WWF høyrer Estland til økoregionen sarmatisk blandingsskog. Om lag 48 % av landet er dekt av skog. Det meste av skogen har gran og furu, men her finst òg bjørk, osp, eik, alm og andre lauvtre. Ein stor del av landet er òg myrlendt. Dei vestlege områda av landet, som øyane Hiiumaa og Saaremaaa, har steppeliknande vegetasjon, som ein òg finn på Öland og Gotland.
Det etter måten låge talet på innbyggjarar og dei store skogområda har gjort til at det har oppstått store bestandar av mellom anna gaupe, villsvin, brunbjørn, elg, bever og flygeekorn. Ein trur at talet på ulvar i Estland er om lag 200, noko som vert rekna som litt over det som er optimalt (100–200).Keskkonnainfo: hunt (estisk)] Fuglelivet inkluderer mellom anna kongeørn, stork, lom, kvitkinngås, sjøorre og havelle. Landet har litt over ti nasjonalparkar og større verna område, mellom andre Lahemaa nasjonalpark, som er den største og ligg på nordkysten. Soomaa nasjonalpark, nær Pärnu, er kjend for dei gamle våtmarksområda sine. Reservat som Käinabukta fuglereservat og Matsalu naturreservat (ei våtmark av internasjonal viktigskap under Ramsar-konvensjonen) er òg populære blant den lokale folkesetnaden og turistar, og inneheld eit mangfaldig fugleliv.«Birds Of Estonia»
Historie
Estland har vore folkesett av finsk-ugriske stammar sidan førhistorisk tid. Dei vart kristna etter langvarige krosstog som enda i 1227, då Danmark hadde erobra den nordlege delen av landet og Sverdriddarordenen den sørlege delen. Danmark hadde det nordlege Estland fram til 1346. Tysk herredøme over det nordlege Estland varte deretter til Sverige erobra landsdelen i 1561.«Estland» på Caplex-magasinet. Russiske invasjonar i 1481 og 1558 vart slegne tilbake. Den sørlege delen, Livland, var under tysk styre til Polen-Litauen erobra provinsen i 1580-åra.
På 1300- og 1400-talet voks hovudstaden Tallinn (tysk: Reval) mykje, og han vart ein hansaby i Hansaforbundet. Namnet på byen tyder «Danskeborga». Estland vart protestantisk i 1524.
Danmark si historiske tilknyting til Estland er bakgrunnen for myten om opphavet til det danske flagget Dannebrog. Ifølgje myten skal Dannebrog ha dala frå himmelen under slaget ved Felin i Estland under krosstoget som kong Valdemar II leidde mot dei heidenske estarane. Danskane var nær ved å lide nederlag då flagget som eit mirakel dala ned og gav dei nytt mot og siger. Ulike versjonar tidfestar hendinga anten til 1207 eller til 1219, og slagstaden vert sagt å vere Lyndanisse.Den tidlegaste kjelda til segna finst i eit skrift frå 1527 av munken Petrus Olai (Peder Olsen) frå Roskilde.
I 1625 kom heile fastlands-Estland under svensk herredøme. Svenskane heldt fram med den administrative inndelinga i to provinsar. Estland var nemninga på kyststripa i nord langs Finskebukta, medan Livland i sør omfatta delar av det noverande Latvia òg. Denne inndelinga vart halden ved lag til innpå 1900-talet. Kong Gustav II Adolf tvinga den tyske adelen til å gje bøndene større fridom, og oppretta eit trykkjeri og eit tyskspråkleg universitet i Tartu (tidlegare Dorpat) i 1632.
Under den store nordiske krigen vart Sverige knekt som stormakt då Russland erobra Estland og Livland i 1710, ei erobring som vart stadfesta ved freden i Nystad i 1721. Men godseigarane og byborgarane snakka framleis tysk så lenge det russiske styret varte, og estisk vart stort sett berre snakka av dei liveigne bøndene. Dei fekk betre kår då Russland oppheva liveigenskapen i Estland i 1816 og i Livland i 1818.
Etter samanbrotet til det russiske keisarriket under Oktoberrevolusjonen sa Estland seg sjølvstendig 24. februar 1918. mini|venstre|300px|Estland, 1920-1940
Sovjetunionen tvinga Estland til å tillate opprettinga av militærbasar i oktober 1939 som følgje av dei hemmelege tillegga til Molotov-Ribbentrop-pakta med Tyskland. I juni 1940 vart landet fullstendig okkupert, og Sovjetunionen tok full kontroll over styret. Ved «valet» same året fekk kommunistane fleirtal i nasjonalforsamlinga, og oppmoda om at landet måtte verte innlemma i Sovjetunionen som Estiske SSR. Det hende formelt i august 1940, men annekteringa vart ikkje anerkjend av andre statar enn Tyskland og dei allierte. Mange politikarar, militære og intellektuelle vart avretta eller deporterte.
I 1941 kom Estland under tysk okkupasjon då Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen. Sovjetiske styrkar gjenerobra landet i 1944. Terrorpolitikken vart gjenoppteken med deportajonar og tvangskollektivisering. Tilhøva betra seg gradvis etter at Stalin var død. Takk vere naboskapen med Finland og tilgangen til å ta inn finsk fjernsyn, var Estland den av sovjetrepublikkane som vart sterkast påverka av vestlege verdiar og vestleg kultur. Under den sovjetiske «avspenninga» med glasnost og perestrojka voks det fram ei politisk rørsle for nasjonalt sjølvstende. Samanbrotet til Sovjetunionen gjorde lausrivinga mogleg.
Den sovjetiske okkupasjonen av Estland varte til 20. august 1991, og dei siste tidlegare sovjetiske troppane forlét Estland 31. august 1994.
Estland vart medlem i EU 1. mai 2004 og i NATO 29. mars 2004.
Politikk
Politikk i Estland skjer under rammeverket til ein demokratisk parlamentarisk republikk, der statsministeren er regjeringssjef og ein har eit fleirpartisystem. Presidenten har ei meir seremoniell rolle.
Nasjonalforsamling
mini|Bygningen som husar den estiske nasjonalforsamlinga, Toompea slott i Toompea. Nasjonalforsamlinga i Estland, Riigikogu, har den lovgjevande makta i landet vert vald for ein periode på fire år gjennom eit proporsjonalt valsystem. Estland er ein demokratisk parlamentarisk republikk. Det politiske systemet i landet er basert på eit rammeverk i grunnlovsdokumentet frå 1992. Den estiske nasjonalforsamlinga har 101 medlemmer og har innverknad i styringa av staten på område som pengebruk (ved å vedta skattar, avgifter og statsbudsjettet). I tillegg har nasjonalforsamlinga høve til å leggje fram utgreiingar, erklæringar og høyringar for folket i Estland, godkjenne eller underkjenne internasjonale avtalar og organisasjonar og avgjere regjeringslån.Riigikogu → Functions, Riigikogu.
Riigikogu vel og oppnemner fleire høge stillingar i staten, mellom anna presidenten i landet. I tillegg oppnemner Riigikogu, etter framlegg frå presidenten i Estland, leiaren for domstolane, styreleiaren for den estiske nasjonalbanken, leiaren for den estiske riksrevisjonen, lovkanslarenMeir informasjon på President.ee. og forsvarssjefen. Ein medlem av Riigikogu kan krevje forklaring frå regjeringa og medlemmene i henne. Dette gjer at medlemmene av nasjonalforsamlinga kan følgje med på den utøvande makta og statsstillingane som er nemnde ovanfor.
Regjering
mini|venstre|Den estiske regjeringsbygningen, Stenbock-huset i Toompea.