Bøk eller bok (Fagus sylvatica) er lauvtre frå slekta Fagus i bøkefamilien. Bøk veks naturleg nokre få stader i Sør-Noreg.
Skildring Blada er lêraktige og ovale med mørkegrøn overside. Dei kan ha takka eller glatte kantar. Blad og frø inneheld alkaloidet fagain.
Bøk kan danna vidstrekte skogar med tre på opptil 40 meter. Eit tre kan bli 2–400 år gammalt.
Bruk Bøk gjev eit tungt trevyrke som gjerne søkk i vatnet. Treet er verdifullt og blir særleg brukt til å laga parkett og møblar, men òg til ispinnar og kjøkenreiskapar.
Namnet på treslaget er nært i slekt med bok, og har truleg opphavleg vist til ei plate av bøketre der ein rissa inn runeteikn.
Bøk i Noreg Bøk er det treslaget som innvandra sist til Noreg, for om lag 2 000 år sidan. Bøk er svært skuggetolande, og vil i delar av Vestfold, Telemark og Agder danna klimakssamfunn om skogen får skjøtta seg sjølv. Sjølv om det er i desse områda ein finn dei viktigaste bøkebestandane i Noreg, veks verdas nordlegaste bøkeskog i Lindås i Nordhordland.
Bøk er fylkesblomster i Vestfold.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bøk» frå , og «Beech» frå den 27. desember 2005 k.
Etymologi Oxford English Dictionary Alf Torp og Hjalmar Falk: Etymologisk ordbok ovr det norske og det danske sprog (1903–1906, faksimileutgåve 1991 Bokklubben Kunnskap og Kultur)
Bakgrunnsstoff
Den virtuella floran - bøk Nettflora - bøk Botanisk museum
Kategori:Lauvtre Kategori:Bøkefamilien Kategori:Vestfold fylke Kategori:Hekkplantar