Pico Almanzor er det høgaste fjellet sentralt i Spania. Det ligg i Sierra de Gredos i provinsen Ávila og er 2592 meter over havet. Det består av granitt. Fjellet vert òg kalla Pico de Almanzor og Moro Almanzor.
Historie Fjellet har fått namn etter Al-Mansur (arabisk for «den sigrande»). Al-Mansur Ibn Abi Aamir var ein general og statsmann i det muslimske Spania seint på 900-talet. Muhammad bin Abi Amir var det verkeleg namnet hans, men maurarane i Spania gav han tittelen Al-Mansur etter sigane hans over dei kristne.
Under dei mange felttoga hans passerte Al-Mansur nær dette fjellet og vart slått av kor vakker det var.
Pico Almanzor vart første gong klatra i september 1899 av M. González de Amezúa og José Ibrián. Espada, Ontañon og Abricarro utførte den første vinterklatringa i 1903. I 1960 vart ein meterhøg jarnkross plassert på toppen.
Sjå òg Circo de Gredos
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell i Spania Kategori:Fjell Castilla y León