Atlantiske språk er ei hovudgrein i språkfamilien niger-kongo. Inndelinga var ein del av klassifikasjonen som den amerikanske lingvisten Joseph Harold Greenberg presenterte i boka The Languages of Africa (1963), men den interne strukturen til språkgreina har vorte revidert fleire gonger.

Inndelinga av språkfamilien

Ei første inndeling vart fremja av David Sapir i 1971, basert på glottokronologi. Metoden er proglematisk, av go grunnar: Dels skil metoden i seg sjølv ikkje mellom ord arva frå det same urspråket og ord lånt språka i mellom og dels var ordforrådet i mange av dei atlantiske språka dårleg utforska eller vanskeleg tilgjengeleg i 1971. Seinare inndelingar, av Pozdniakov & Segerer (2024) [tilgjengelg som utakst i 2017] og Merrill (2021), har lagt den historisk-komparative metoden til grunn. Merrill er til ein viss grad usamd med Pozdniakov & Segerer om den interne inndelinga av språkfamilien.

Pozdniakov & Segerer 2024

Den klassifiseringa som ser mest lovande ut er basert på ei initial todeling, mellom bak-språka og ei nordleg grein, og presentert av Pozdniakov & Segerer:

Atlantisk Nordlege språk Wolof: Wolof, Lebu Nyun-Buy Nyun (Gunyaamolo, Gujaher, Gubëeher, etc.) Buy (Kasanga, Kobiana) Tenda-Jaad Tenda: Basari, Tanda, Bedik, Bapen; Konyagi Jaad: Biafada; Badiaranke Fula-Sereer Fula (Pular, Pulaar, Fulfulde, etc.) Sereer Cangin Palor, Ndut Noon, Laala, Saafi Nalu Nalu Bage Fore Baga Mboteni Bak-språk Balant: Ganja, Kentohe, Fraase Joola-Manjaku Joola: Fogny, Banjal, Kasa, Kwaatay, Karon, Ejamat, Keeraak, etc.; Bayot ? Manjaku Bok, Cur, Bassarel Pepel Mankanya Bijogo: Kamona, Kagbaaga, Kajoko

Merrill (2021) Merrill (2021) skil seg frå Pozdniakov & Segerer på to måtar. Han går ikkje inn for ei todeling av familien, og han hevdar at språkgreina ikkje er ei eiga undergrein av Niger-Kongo. I staden for å rekonstruere eit eige atlantisk urspråk ser han på kvar av greinene i det som andre hevdar er ei atlantisk gruppe som primære språkgreiner under Niger-Kongo. Han gjer også framlegg om at niger-kongo oppstod lenger nord, i den nordvstredelen av det som i dag er Afrika sør for Sahara.

det nordatlantiske geographiske området Fula-Sereer (grein) Fula Sereer Cangin Wolof Bainunk-Kobiana-Kasanga (grein) Kobiana Gujaher Gubëeher Guñaamolo Biafada-Pajade (grein) Pajade Biafada Tenda (grein) Konyagi Bassari Bedik Bak (grein) Joola Manjak Balanta Bijogo (grein)

Merrill (2021) peiker på at Tenda and Biafada-Pajade er meir lik kvarandre enn dei andre greinene, og kanskje bør bli sett på som ei eiga grein.

Sapir 1971

Som referanse viser vi også den eldre inndelinga av dei atlantiske språka, etter ein artikkel av David Sapir frå 1971:Sapir, J. David 1971. West Atlantic. S. 45–112 in Thomas A. Sebeok (red.): Linguistics in Sub-Saharan Africa. (Current Trends in Linguistics, 7.) The Hague and Paris: Mouton. Delar av underinndelinga er henta frå artikkelen på fransk wikipedia.

Atlantisk 1. Nordleg grein 1.1. Senegambiske språk 1.1.1. Fula-wolof: Fulfulde, wolof 1.1.2. Serer 1.2. Cangin-språk: Lehar, safen, palor, ndut, noon. 1.3. Bak-språk: 1.3.1 Balante 1.3.2. Diola-språk: Diola (kwatay, karone, mlop), bayotte 1.3.3. Manjaque-papel: mancagne, manjaque, papel 1.4. Senegal-guinea-språk 1.4.1. Maïnouk 1.4.2. Tenda: Biafada, bassari, warnei, badiaranké, bédik, coniagui 1.4.3. Nun: Kasanga, cobiana 1.5. Mbulungish-nalu: Baga mboteni, mbulungish, nalu 2. Bijago 3. Sørleg grein 3.1. Limba 3.2. Mel-språk: 3.2.1 Bullom-kissi: bullom: bom, bullom so, sherbro, krim; kissi 3.2.2. Gola 3.2.3. Temne, kisi o.a. 3.3. Sua

Som så mykje av litteraturen om inneling av språk i Afrika er denne inndelinga basert på den leksikostatistiske metoden (språk som deler større delar av det grunnleggande ordforrådet er nærare i slekt enn språk som ikkje gjer det). Dette er dessverre ein upåliteleg metode som ignorerer effekten av lånord. Korfor Afrika skil seg ut i den språkhistoriske litteraturen er vanskeleg å seie, det er kanskje ein kombinasjon av mange språk få lingvistar og marginal samfunnsmessig posisjon av språka som har gjort at lingvistane har tatt denne snarvegen, heller enn å rekonstruere urspråk attende ved hjelp av komparative metodar. Dei siste åra er dette i ferd med å endre seg. Ein mer grundig gjennomgang av denne språkfamilien er Pozdniakov og Segerer 2024.

Fotnotar

Litteratur

Bendor-Samuel, John (édit.), The Niger-Congo Languages: A Classification and Description of Africa's Largest Language Family. University Press of America, Lanham, New York, Londres, 1989 Doneux, J. L. , « Hypothèses pour la comparative des langues atlantiques », Annales Sciences Humaines. Africana Linguistica Tervuren, 1975, n° 6, s. 41-129 Greenberg, Joseph, The Languages of Africa, Mouton, La Haye et Indiana University Center, Bloomington, 1963 Heine, Bernd et al. (édit.), Die Sprachen Afrikas, Buske, Hambourg, 1981 Heine, Bernd and Derek Nurse (édit.), African Languages. An Introduction, Cambridge University Press, 2000 Lacroix, Pierre-Francis 1981. « Les langues "ouest-atlantiques" », in Les langues dans le monde ancien et moderne (Jean Perrot, édit.), CNRS, 1981, v. 1, s. 11-18. Platiel, Suzy et Raphaël Kabore, Les langues d'Afrique subsaharienne, Ophrys, 1998, 501 s. Pozdniakov, Konstantin and Guillaume Segerer 2024: A genealogical classification of Atlantic languages, The Oxford Guide to the Atlantic Languages of West Africa Edited by Friederike Lüpke, s. 16-47.

Sapir, David , « West Atlantic: An inventory of the languages, their noun class systems and consonant alternations », Current Trends in Linguistics, La Haye, Mouton, 1971, 7, s. 45-112 Westermann, Diedrich , 1928. « Die westatlantische Gruppe der Sudansprachen », Westsudanische Studien, n° 5, Mitteilungen des Seminars für orientalische Sprachen, 1928, vol. 31, Section III, s. 63-86. Wilson, William Andre Auquier , « Atlantic », in The Niger-Congo languages (John Theodor Bendor-Samuel, édit.), University Press of America, 1989, s. 81-104

Kategori:Niger-kongospråk

Kategori:Føreslegne språkfamiliar